Hopp til innhold

Brå nedgang i talet på asylsøkjarar stoggar nye mottaksplanar over heile landet

Ein brå og uventa nedgang i talet på asylsøkjarar gjer at UDI no legg alle planar om nye asylmottak på is over heile landet. Mellom anna i Stryn, der motstanden har vore stor.

Flyktninger fra Eritrea på Malta Would-be immigrants wait to board a police bus after disembarking from an Armed Forces of Malta patrol boat at the AFM Maritime Squadron base at Haywharf

STADIG FÆRRE: Det har vore ein markant nedgang i talet på asylsøkjarar frå Eritrea til Norge dei siste to månadane. Det er ein av årsakene til at alle planar om nye asylmottak blir lagt på is. Biletet syner eritreiske asylsøkjarar på Malta.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / REUTERS

Medan det til dømes kom 706 asylsøkjarar frå Eritrea til Norge i august, kom det berre 365 frå same land i oktober.

Ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI) er den nedadgåande trenden tydeleg også i november.

– Bakgrunnen er den brå nedgangen i talet asylsøkjarar til Norge som vi har sett i oktober og november. Den er like brå og uventa som den auken vi hadde månadane før, seier Atle Berge, regiondirektør for UDI Vest, til NRK.no.

Nei til 1800 plassar

UDI har ikkje klart å finne nokon årsak til den store og brå nedgangen, men den fører til at alle planar om nye asylmottak i Norge ikkje blir gjennomført.

– Vi avlyser anbodstevlinga om å etablere tolv nye mottak med til saman 1800 plassar, seier avdelingsdirektør Christine Wilberg i region – og mottaksavdelinga i UDI.

Stor motstand fleire stader

Ein av kommunane som var aktuelle for etablering av eit nytt asylmottak no, var Stryn i Sogn og Fjordane. Der har motstanden mot asylmottak vore i stor i fleire omgangar, seinast sist sommar.

Sven Flo

GLAD FOR NEI: Ordførar i Stryn, Sven Flo.

Foto: Noralv Pedersen

– Vi har heile tida vore tydelege på ein del utfordringar knytte til den planen som UDI og dei aktuelle aktørane hadde lagt for asylmottak i Stryn. Eg er nøgd med den tilbakemeldinga eg i dag har fått om at det ikkje vil vere aktuelt å gå vidare med planane, seier ordførar i Stryn, Sven FLO (H), til NRK.no.

Både han og fleire andre ordførarar har den siste tida vore kritiske til at kommunane i liten grad kan påverke om eit asylmottak blir etablert eller ikkje i ein kommune.

Årdal krev svar frå UDI

Blant dei som har gått hardast ut mot korleis UDI jobbar er Årdal kommune. Industrikommunen som vart råka av trippeldrapet på Valdresekspressen måndag 4. november.

– No er tida komen, dei må høyre på kommunane, sa Frank Westad som er rådmann i Årdal kommune.

I brevet dei sende til UDI la kommunen fram sju punkt dei meiner må på plass for å sikre ein betre asylpolitikk:

  • Betre helseundersøkingar av asylsøkjarar
  • Krav til helsepersonell ved asylmottaka
  • Kommunane må ha tid til å bu seg
  • Søkjarar med avslag må ikkje ut i kommunane
  • Uttransportering må skje samstundes som avslag
  • Kommunane må få innføring i å vere vertskommune
  • Kommunane må kunne seie nei til mottak

Vil vere med og bestemme

Sven Flo i Stryn gjev no full støtte til Årdal og andre kommunar i eit felles oppgjer mot UDI-systemet.

– Vi har peika på ein del svakheiter, men det som har vore mest kritisk for oss i diskusjonen er jo dette med å få vere med i prosessen og å få vere med og bestemme i høve etablering av asylmottak, seier Flo.

– Har vore god dialog

Atle Berge i UDI Vest vil ikkje vere med på ein diskusjon om kommunane si rolle i etablering av asylmottak og syner til at det vil vere ei politisk avgjersle.

– Men eg har inntrykk av at det vore ein god dialog med kommunen og ikkje minst med ordførar i Stryn. Det som har skjedd no er på landsbasis, der ein har vore nøydd til å avlyse konkurransen om etablering av nye mottak rundt om i heile landet, seier Berge.

Desse ville drive asylmottak

Region

Tilbydar

Kommune

Tal plassar

Indre Østland

HERO Norge AS

Stange

150

Indre Østland

Fossnes AS

Sarpsborg

150

Indre Østland

Fossnes AS

Moss

165

Indre Østland

Norsk Mottaksdrift AS

Rendalen

180

Indre Østland

LINK AS

Østre Toten

175

Indre Østland

Gol statlige mottak

Gol

125

Indre Østland

Ormseter as

Hamar

170

Sør

Norsk Mottaksdrift AS

Valle

145

Sør

Tokla AS

Bygland

130

Sør

Egebo AS

Risør

130

Sør

HERO Norge AS

Notodden

150

Vest

LOPEX AS

Ulvik

130

Vest

Norsk Folkehjelp

Stryn

150

Vest

Norsk Mottaksdrift AS

Stryn

130

Midt

Hero Norge

Kristiansund

150

Midt

Hero Norge

Oppdal

150

Nord

Jansen bolig as

Fauske

150

Nord

Mottak Nord (SUS)

Tranøy

120

Nord

HERO as

Skånland

180

Nord

Nord-norsk mottaksdrift as

Fauske

100

Nord

Nord-norsk mottaksdrift as

Nordkapp

150

Ekspander/minimer faktaboks