NRK Meny
Normal

– Etablering i hurtitogsfart gjorde det vanskeleg for Årdal

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane meiner asylmottaket i Årdal vart oppretta alt for raskt og meiner det er grunnlag for styresmaktene å gjere seg tankar kring etableringsprosessen.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

HURTIGTOGSFART: Fylkeslege Per Stensland meiner opprettinga av asylmottaket i Årdal gjekk så fort at det var vanskeleg for kommunen å opprette ei forsvarleg helsehjelp til asylsøkjarane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Etter trippeldrapet i Årdal opna Fylkesmannen ved fylkeslegen tilssynssak for å undersøkje om asylsøkjarar i kommunen fekk forsvarleg helsehjelp .

Ein av konklusjonane er at tempoet asylmottaket vart oppretta med, og manglande informasjon om asylsøkjarane, gjorde forsvarleg helsehjelp svært vanskeleg.

– Vi meiner at ut frå eit helsefagleg perspektiv så må det vere utfordrande for ein kommune å ta imot så mange asylsøkjarar på nokre sommarveker utan at det følgjer med helseopplysningar eller konkrete opplysningar om opphaldssituasjonen for kvar enkelt. Dette gjekk med hurtigtogsfart, seier fylkeslege Per Stensland.

Kritikk mot UDI

Fylkeslegen meiner at styresmaktene må lære av det som ikkje gjekk som det skulle då mottaket for 151 asylsøkjarar vart oppretta i Årdal.

Kommunen får i tilsynssaka kritikk for ikkje å ha styrka helse- og omsorgstenesta då mottaket vart oppretta .

Samstundes får også UDI kritikk, fordi Årdal kommune berre ni veker etter vedtaket hadde motteke asylsøkjarane. Fleire av desse mangla det informasjon om.

Også Hero Mottak har tidlegare vedgått at den raske etableringa ikkje var ideell .

– Tempoet på hendinga gjer at det var vanskeleg å omstille seg. Det er også slik at kommunen seier at dei fekk utilstrekkeleg eller feilaktige opplysningar om kven som skulle komme til det var kort tid før dei kom, seier Stensland.

– Særskilt vanskeleg

– Når det då i tillegg er slik at opplysningar om kvar einskild asylsøkjar kjem nokre veker etter at asylsøkjarane kjem, så blir det særskilt vanskeleg å planlegge helsetenester, held fylkeslegen fram.

Det gjer at tilbodet ikkje er forsvarleg.

– Det er i alle fall slik at denne type helsetenesteplanlegging skil seg frå kva vi elles reknar for å vere forsvarleg. Og det å summere det opp, og løfte det fram vil kunne vere av interesse for statlege styresmakter som har ansvar på dette feltet, seier Stensland.

Relevante påpeikingar

Bente Moe.

RELEVANT: Bente Moe er avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Henrik Bøe/Erik Waage / NRK

Difor skriv Fylkeslegen at Helsedirektoratet må vurdere å ta opp problemet med andre statlege styresmakter. Stensland har no sendt saka til direktoratet.

Avdelingsdirektør Bente Moe såg saka første gong fredag, og skildrar den som grundig og balansert og at den:

– Påpeikar relevante utfordringar med rask oppretting av mottak. Spesielt i små kommunar.

– Personvern som andre

Helsedirektoratet vil ikkje at kommunar skal få informasjon om helsetilstanden til asylsøkjarar før dei vert busette.

Dette fordi dei meiner dei skal ha same helsetilbod og naudsynt personvern som andre grupper i befolkninga.

– Reint generelt er det pasienten som eig sine eigne helseopplysningar. Naudsynte helseopplysningar kan vidareformidlast til dømes ved tilvising frå fastlege til sjukehus. Dersom dei skal vidareformidlast krev det samtykke frå pasienten, seier Moe.

Tek med seg oppmodinga

Avdelingsdirektøren seier direktoratet likevel vil ta med seg oppmodinga frå Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

– Helsedirektoratet samarbeider tett med UDI for å sikre eit fagleg forsvarleg tilbod til asylsøkjarar. Vi har frå 2012 trappa opp arbeidet med å betre tilbodet til bebuarar som har særskilde oppfølgingsbehov. Dette er tema vi drøftar på samarbeidsmøte med UDI, så ja det tek vi opp og jobbar vidare med, seier Moe.

Etablering av asylmottak i kommunar, er det Utlendingsdirektoratet som har ansvar for.

Uventa og kraftig auke

I ein e-post svarar direktør for mottaksavdelinga, Christine Willberg, at:

– Vi skjønar at kommunen tykkjer at opprettinga av mottaket gjekk fort. Men i juli og august var det uventa og kraftig auke i tal asylsøkjarar og vi fekk eit stort behov for fleire mottaksplassar. Difor måtte opprettinga av mottaket i Årdal gå raskt. Vi er pålagde å skaffe alle som kjem tak over hovudet.

– Trippeldrapet i Årdal var ei tragisk hending, og i UDI går vi gjennom rutinar og system for å sjå om det er noko vi kan forbetre, legg Willberg til.

– Opp til andre å avgjere

Fylkeslegen seier seg no ferdig med saka som ei tilsynssak, men vil at Helsedirektoratet og UDI skal ta den vidare.

– Det er ikkje opp til oss å konkludere kva dette skal få som konsekvens, eller om det skal ha noko konsekvens. Det er opp til andre. Men vi vil frå eit helsefagleg perspektiv trekkje fram desse perspektiva slik at ein kan vurdere det vidare, seier Stensland.