Advokaten til Belik-familien meiner UDI har gjort seg skuldig i grove sakshandsamingsfeil, som igjen har ført til at familien urettmessig blir sendt ut av landet på fredag. Men desse påstandane er rett og slett feil, seier Løhndal.
- Dette er ei fullstendig feil framstilling av saka, slik vi kjenner den. Eg veit nesten ikkje kvar eg skal byrje. Løhndal viser til at alt er protokollført, og at påstandane til advokaten ikkje er å finne i dokumenta.
Advokaten usamd
UDI og advokat Sjur Vinje har heilt ulike oppfatningar om det viktige intervjuet av tenåringsdøtrene til Raisa Belik frå Moldova. Medan UDI meiner dei har gått heilt etter boka, er Vinje mildt sagt ueinig:
- Eg er heilt sikker på at dei har gjort sakshandsamingsfeil, seier Vinje.
Frykta sexslaveri
Tenåringsjentene Olga og Tanja Belik kom til Norge og Aurland i 2003 på grunn av fåren for å ende opp som sexslavar i lutfattige Moldova. No har dei fått avslag på søknad om opphaldsløyve, saman med mora. Og det er her det viktige intervjuet kjem inn, eit intervju som ligg til grunn for avslaget på søknaden om opphaldsløyve.
- Når dei møtte opp til intervjuet vart dei tilrådde av UDI at ikkje mora var til stades, seier Vinje.
Hadde med hjelpeverge
Kort tid etter dei kom til landet vart jentene kalla inn til avhøyr av UDI. Det er under dette avhøyret Vinje meiner UDI trådde feil. Men UDI har altså alt på det tørre, meiner Løhndal:
-Døtrene hadde hjelpeverge sidan dei hadde kome til landet før mora. Det var døtrene sjølve som valde å ha med hjelpeverga i staden for mora til intervjuet, seier Løhndal.