Artec Subsea i Aurland har lenge slite tungt og har gått med underskot dei siste fem åra. Dette er grunnen til at eigarane Tore Brekke og Torbjørn Sønnerheim i fjor selde 75 prosent av aksjane til Argus Remote Systems, eit bergensselskap som no har skote inn ny kapital i aurlandsverksemda.
Doblar til på tilsette
I løpet av dette året blir talet på tilsette fordobla til 12, skriv bygdeavisa Aurlendingen. Artec Subsea produserer teknologi som blir brukt å kartleggja sjøbotnen. Undervassteknologien er ettertrakta både i olje- og kraftsektoren. Med kapitalsterke eigarar i ryggen ser dagleg leiar Tore Brekke lyst på å satsa i ein hard verdsmarknad. Brekke forventar ein omsetnad på mellom 20 og 30 millionar kroner allereie neste år.