Hopp til innhold

Ubåten var i Lustrafjorden

Den framande ubåten oppheldt seg i 1972 mesteparten av tida i Lustrafjorden, viser nye nedgraderte dokument.

Det går fram av etterretningsdokument frå Forsvaret, som forsvarsminister Grete Faremo, etter påtrykk frå media har offentleggjort.

Forsvaret har opp gjennom åra kome med fleire motstridande meldingar om det verkeleg var ein ubåt i Sognefjorden i 1972.

Var 12 dagar i fjordane

Men i forsvaret si eiga etterretningsmessige vurdering frå november same år, som no er nedgradert, blir følgjande slått fast: Ubåten kom inn i Sognefjorden den 12. november 1972 og gjekk den 13. november inn Lustrafjorden. Der oppheldt ubåten seg til det vart mørkt den 23. november, då han byrja å køyre ut av fjorden.

Ubåten nådde munninga av fjorden om morgonen den 24. november, og gjekk truleg ut gjennom Tollesundet i Bufjorden.

Trur den var sovjetisk

Forsvaret har ikkje greidd å slå fast nasjonaliteten, men trur ubåten var sovjetisk og at han kom frå Østersjøflåten.

Dei nye opplysningane kjem fram i dokument, som heilt fram til no har vore hemmelegstempla. Forsvarsminister Grete Faremo har imidlertid, etter påtrykk frå media, no fått offentleggjort ei rekkje nye ubåtdokument.

Kan ha samanheng med besøk

I ein analyse frå Forsvarets overkommando frå april 1973 blir det spekulert i om den sovjetiske militærattachen si reise til Sogn i august 1972, og ein sovjetisk trålar sitt besøk i Bergen nokre månader seinare, hadde samanheng med ubåtkrenkingane i november same år.

Kunne ikkje tvinge den opp

I eit anna nyleg nedgradert dokument frå Forsvarsdepartementet blir det slått fast at forsvaret i ikkje hadde det som skulle til for å tvinge den framande ubåten opp til overflata, mot ubåtkapteinen si eiga vilje.

Bestninga på eit slikt farty vil vere utvalt, motivert for og trent til å motstå einkvar trussel, heiter det mellom anna.