Hopp til innhold

Uavgjort på Fosshaugane

Sogndal klarte berre uavgjort mot nedrykksklare Stavanger på Fosshaugene søndag.

Video nsps_upload_2009_10_25_16_51_59_4665.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

NETT-TV: Sjå høgdepunkta frå kampen.

Stavanger tok leiinga, men eit mål av innbytar Tarjei Dale sytte for at Sogndal fekk med seg eit peong. Dermed ser det ut til å gå mot ein særs spanande seriefinale neste helg.

Les kampreferat frå Sogndal - Stavanger her

Sjansefattig

Den fyrste omgangen var prega av mykje ballflytting, og lite aktivitet framfor laga sine mål. Nærast kom sogndalstoppar Morten Christensen då han var millimeter frå å heade Sogndal i leiinga. Laga gjekk til pause med uavgjortresultat, etter ein særdeles trasig fyrste omgang.

Les også: Spelaropprør i Sogndal

Laaksonen scora

Den andre omgangen starta slik den fyrste slutta. Sogndal var det beste laget, men Stavanger spelte med stor disiplin og gjorde alt for å hindre scoring til heimelaget. Men etter 65 minutt sklei ballen igjennom feltet, og enda til slutt opp hos Valter Laaksonen.

Den utleigde Sogndal-spelaren gjorde ingen feil, og plasserte ballen forbi Lecejewski. Etter dette vart det meir fart i kampen. Nokre minuttar etterpå sørga ein kombinasjon av Per Egil Flo sin vestrefot og Tarjei Dale for at det stod 1-1 på resultattavla. Flo slo eit nydeleg frispark inn i feltet, og om det gjekk rett i mål eller om Dale var borti ballen, er framleis usikkert.

Spanande sluttminutt

Heilt til det siste var det dramatikk på Fosshaugane. Sogndal pressa på for seiersmålet, og Stavanger kjempa med nebb og klør for at det ikkje skulle skje. Jacob Neestrup fekk sitt andre gule kort når han sparka vekk ballen på eit frispark. Neestrup måtte dermed forlate bana.

Nervene til Sogndals-publikummet var i heilspenn dei siste 10 minutta. Sogndal fekk corner på corner, men klarte ikkje å omgjere nokon av dei til mål, dermed vart det 1-1 på Fosshaugane.

Opprykk?

Dei andre resultata denne serieomgangen gjekk stort sett Sogndal sin veg. Både Hønefoss og Kongvinger tapte.

Sogndal ligg dermed på 3. plass på tabellen, to poeng bak Hønefoss som dei møter neste helg. Det tårnar seg opp til å bli ein særs spanande seriefinale neste helg.