Uavgjort mellom Sogndal og Brann

Høg temperatur og amper stemning prega vestlandsoppgjeret mellom Sogndal og Brann på Fosshaugane.

Sogndal - Brann henrik furebotn

ENDA UAVGJORT: Henrik Furebotn utfordra spelarane til Brann.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Kampen enda 0 - 0.

Ikkje eit einaste sete var ledig då Sogndal møtte Brann på eit fullsett Fosshaugane Campus i flaumlyset. Brann på sølvjakt møtte eit lag frå Sogn som ville klatre på tabellen.

Første omgang var prega av duellar, knuffing og målsjansar for begge lag.

Brann-stoppar Bismarck Acosta fekk direkte raudt kort då han dytta Sogndal-spelar Henrik Furebotn, og Brann måtte spele med ein mann mindre. Laga gjekk til pause utan mål.

Bismar Acosta får rødt kort mot Sogndal

RAUDT KORT: Bismar Acosta (t.v.) fekk raudt kort under kampen mot Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Det var like mykje tenning i andre omgang av kampen. Sogndal fekk sine to av tre gule kort under omgangen, medan Brann fekk to. Trilling av ball på midten prega spelet. Kampen enda med poengdeling.

Sogndal står med elleve uavgjorte kampar etter 26 spelte. Etter kampen mot Brann ligg Sogndal på ein niandeplass med 35 poeng. Sogndal har eitt poeng opp til Viking og fem poeng ned til Vålerenga, men med ein meir spelt kamp.

Møtt kvarandre 32 gonger

Laga har møtt kvarandre 32 gonger i øvste divisjon. På heimebane har Sogndal eit godt tak på bergensarane med elleve sigrar på seksten forsøk. Ein må tilbake til 2002 då Brann sist vann ein kamp i saftbygda.

Dette var laget som starta mot Brann:

Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Jukka Raitala–Gilbert Koomson, Henrik Furebotn, Eirik Birkelund, Lars Christian Kjemhus–Martin Ramsland, Ole Amund Sveen

Eidaren Azar Karadas fekk kamp nummer 200 for Brann.

Laster innhold, vennligst vent..
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.