Hopp til innhold

Uavgjort i Måløy

Begge lag scora to mål i kvar sin omgang. Dermed vart det uavgjort mellom Tornado Måløy og Årdal FK.

SJÅ OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

Tornado Måløy - Årdal 2-2 (2-0)

Måløy stadion

1-0 15min. Erlend Kvalheim. Godt gjennomspel frå Torstein Rutledal som Kvalheim lobba over keeper.

Tre gule kort så langt. Erlend Kvalheim, Martin Giil (begge TMFK) og Tim Teigen (Årdal). Så langt ein jamn kamp med eit lite overtak for heimelaget.

2-0 46 min. Joachim Raknes Forthun. Frispark blokkert og Forthun putter inn. Allan Jørgensen (Årdal) har fått gult kort.

Pause

Kampen er i gang att.

2-1 55 min. Terje Andreas Jevnaker. Fantastisk langskot frå kring 20 meter som går inn ved stolperota.

2-2 80 min. Terje Andreas Jevnaker. Kjempeskot frå hjørne av 16 meter i lengste vinkel. Minuttet seinare får Roy Olsen (Årdal) gult kort.

Slutt - Det er jamspelt kamp. Årdal trykker på mot slutten for å sikre sigeren, men får ikkje uttelling. Heilt greitt resultat.