NRK Meny
Normal

Uavgjort i generalprøven for Florø

Florø spelte uavgjort 1-1 mot Raufoss i den siste treningskampen før debuten i 1. divisjon neste helg.

Florø-Raufoss 1-0

NOK EIT CORNERMÅL: Mange av måla til Florø i sesongoppkøyringa har kome på corner. Her set Runar Hove inn 1-0.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I skoddeyret på kunstgrasbana i Florø hadde heimelaget kontroll på det meste, men ein blunder heilt mot slutten av kampen gjorde at Raufoss kunne reise heim til Toten med eit uavgjortresultat.

Runar Hove gav heimelaget 1-0 etter 37 minutt på ei heading etter corner, medan Emile Dadjo sette inn 1-1 i ope mål etter 41 minutt i andre omgang.

Mykje positivt

Trenar Terje Rognsø var ikkje nøgd med resultatet mot laget som spelte i 1. divisjon i fjor, men som rykte ned.

Terje Rognsø

IRRITERT PÅ BAKLENGSMÅLET: Trenar Terje Rognsø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Raufoss hadde tre sjansar i kampen, og den siste som gav 1-1 irriterer meg litt fordi det kom etter ein vanvittig personleg feil. No var det også ein stor dommarfeil der, linjedommaren vinka, og så tok han flagget nedatt.

Men han fann likevel mykje positivt ei veke før seriestart.

– I periodar ser vi glimt av kor fort det kan gå. Det eg er misnøgd med er det som skjer inne i boksen til Raufoss, der våre spelarar spring i vegen for kvarandre. Men på ei veke trur eg vi skal greie å rette på det.

Eigentleg scora Florø to mål, eit skot frå Stefan Aase i første omgang gjekk via keeper og i stolpen og nedatt på streken. Ifylgje Rognsø sa keeperen til Raufoss at ballen hadde vore inne.

Sju av 11 frå Florø

Kristoffer Ryland

FEKK EIN OMGANG: Kristoffer Ryland håpar på plass i startellevaren også i seriestarten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I startellevaren mot Raufoss var sju av spelarane frå Florø, og akkurat der blir nok Florø ein sjeldan blomst i 1. divisjon. Talet på lokale spelarar er ikkje særleg høgt hjå dei andre laga. Rognsø er usikker på om han startar med same laget mot Jerv.

– No fekk Andre Reksten ein smell og måtte ut. Vi får sjå om han blir klar att. I tillegg har vi Erlend Hove, som stod over denne kampen. I dag vart vi litt små på midtbana, det kan hende vi treng Erlend der.

Ein av dei lokale som fekk tillit frå start var Kristoffer Ryland, som er på utlån frå Sogndal. Han spelte ein omgang, og var nøgd med innsatsen.

– I dag kjendest det veldig bra. Det blir litt betre for kvar kamp.

– Er du klar for ein heil kamp?

– Eg har ikkje spelt 90 minutt sidan i mai i fjor, men vi får sjå. Det gjekk iallfall bra i dag.

– Ikkje nøgd når vi ikkje held nullen

Vegar Gjermundstad (t.h) og Nicklas Frendrup

ÅRETS KAPTEIN: Vegar Gjermundstad ser det som ei tillitserklæring at han har fått kapteinsbindet. Til venstre keeper Niclas Frenderup.

Vegar Gjermundstad, som kom til Florø frå Førde i fjor, er kaptein på laget som om ei veke debuterer i 1. divisjon.

– Det er ei tillitserklæring, men eg er den eg er uansett om eg har bind om armen eller ikkje.

Han var ikkje særleg nøgd med at Florø rota vekk sigeren mot slutten av kampen.

– Eg er ikkje nøgd med at vi ikkje held nullen, særleg måten baklengsmålet kom på. Men vi får berre lære av det. Elles var det ei grei gjennomkøyring.

– Litt for heite

På overtid kunne Endre Kupen ha sikra 2-1, men Raufoss-keeperen slo headinga hans over.

– Litt surt det, men vi får heller ta det att neste søndag. Det er då det tel. Men eg er ikkje nøgd med at vi ikkje scorar meir mål. Vi er litt for heite, særleg eg.

Runar Hove

DAGENS MÅLSCORAR: Spissane til Florø fekk ikkje nettkjenning mot Raufoss. Det gjorde derimot midtstoppar Runar Hove.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK