Hopp til innhold

Uavgjort for Sogndal

Sogndal greidde ikkje direkte opprykk til eliteserien i fotball etter at dei berre greidde uavgjort 0-0 mot Hønefoss.

Espen Olsen og Christer Ellefsen
Foto: Rune Fossum/NRK

Hønefoss og Haugesund rykker direkte opp, medan Sogndal må ut i kvalifiseringskampar mot Kongsvinger og vinnaren av kampen Sarpsborg-Fredrikstad.

Sjå bileta frå kampen Hønefoss - Sogndal

Enorme keeperprestasjonar

Etter Sogndal kom godt i gang dei første ti minutta av seriefinalen borte mot Hønefoss, tok heimelaget fullstendig føringa utover i første omgang.

Hønefoss hadde fleire store moglegheiter til å ta leiinga, men eit par enorme prestasjonar av keeper Piotr Leciejewski held Sogndal inne i kampen med 0-0 til pause.

- Endringar

Ole Hjelmhaug og Karl Oskar Emberland
Foto: Rune Fossum/NRK

Ved pause varsla Sogndal endringar for å sikre opprykket.

- Vi må gjere nokre justeringa, sa ein ordknapp Ole Hjelmhaug på veg inn i garderoben ved halvspelt kamp.

Hønefoss skapte mest

Kampen utvikla seg på same måte etter pause. Hønefoss skapte det som var av sjansar og det var først dei siste fem minutta at Sogndal verkeleg kom med i kampen igjen.

Oppgjeret enda 0-0, noko som Hønefoss hadde minst grunn til å vere nøgd med.