NRK Meny

Uavgjort for Førde

Førde sitt A-lag spelte uavgjort mot Vard Haugesund på heimebane laurdag ettermiddag. Heimelaget leia 1–0 til pause, men etter berre fire minutt kom rogalendingane si første scoring. Gjestane sette sin andre ball i mål etter 57 minutt, og det var først i siste ordinære speleminutt at heimelaget klarte å sikre seg eitt poeng i kampen. Målscorarar for Førde var Eirik Lund Holm og Matias Fjeldal Olsen.