Hopp til innhold

Jubla for uavgjort etter utlikning på tvilsamt straffespark

Det enda 1-1 på Fosshaugane i kveldens kamp mellom Sogndal og Rosenborg. Sogndal utlikna på straffe etter 83 minutt, etter ein kontroversiell straffesituasjon på målstreken.

Ole Jørgen Halvorsen jublar etter straffescoring

VILL JUBEL: Ole Jørgen Halvorsen vart jakta av lagkameratane etter at han har sikra 1-1 mot Rosenborg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det ser ut til at vi skal kontrollere kampen inn, men så får vi ein diskutabel straffe imot oss. Eg er ikkje sikker på at dommaren ville ha dømt den ein gong til, seier Jan Jönsson til NRK.no.

– Kor skal han elles gjere av armane?

Framfor eit rekordstort publikum på Fosshaugane stod det 0-0 til pause i oppgjeret mellom Sogndal og Rosenborg.

Først etter 63 minutt kom den første nettkjenninga, då Mushaga Bakenga sende trønderane opp i leiinga – då han kom åleine gjennom mot Kenneth Udjus.

Om lag 20 minutt seinare fekk Daniel Fredheim Holm raudt kort etter ein kontroversiell situasjon på målstreken:

Eit skot vart sendt av garde frå ein Sogndal-spelar, og ballen trefte Fredheim Holm. Sogndalspelarane ropte på hands, og etter nokre sekund valde dommaren å blåse straffespark til Sogndal etter at linjemannen markerte for hands.

– Det går veldig gjort, og eg veit ikkje kvar elles han skal gjere av armane. Det er iallfall ikkje ei klar straffe, meiner Jönsson.

Makta ikkje skape meir med ti mann

Straffa vart sikkert ekspedert i mål av Ole Jørgen Halvorsen, og Fosshaugane Campus eksploderte.

– Det var utruleg herleg sjå straffesparket gå inn. Og ikke minst viktig for sjølvtilliten vår. Det hadde vore surt å ikkje få poeng i denne kampen, seier Ole Jørgen Halvorsen.

Rosenborg pressa etter at Sogndal utlikna, men makta ikkje med sine ti spelarar å skape særleg store sjansar. Fire minutt på overtid bles dommar Sælen av kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cato Hansen vert stoppa av RBK-forsvaret

ARTIG KAMP: Det var til tider ein kamp med mange situasjonar og stor spenning mellom Sogndal og Rosenborg. Her er Cato Hansen på veg gjennom, men blir stoppa i siste liten.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har tre kampar på rad uan tap

– Vi er godt nøgde med å komme tilbake etter at vi først kom bakpå med 0-1. Det gir sjølvtillit. Og vi var fullt på høgde med Rosenborg heile kampen, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad.

– Eg synest det er greitt med eitt poeng i dag, seier han.

– Kva betyr dette poenget for poengjakta utover hausten?

– Alle poeng utover hausten er viktige. No har vi tre kampar på rad utan tap, så det gir ein god drive i laget, i klubben i og heile bygda, seier Skjeldestad.

Om lag 4400 tilskodarar hadde teke turen for å sjå Sogndal mot Rosenborg. Det er ein solid ny rekord for nye Fosshaugane Campus.