Statssekretær Arnfinn Ellingsen i Samferdsledepartementet meiner at mindre fly kan vere løysinga dersom flyplassen må forlengast for flya som Widerøe no nyttar. Men administrerande direktør Per Arne Vatle i Widerøe seier at det ikkje kjem på tale å gå tilbake til mindre flytypar.
Nye tryggleikskrav
Arnfinn Ellingsen
Det er nye og strengare tryggleikskrav frå Luftfartstilsynet som set dagens drift av flyplassen på Anda i fare. Flyplasssjefen reknar med at Anda om kort tid vil verte nedlagt fordi det mellom anna vil verte for dyrt å ruste opp flyplassen med lengre rullebane.
Statssekretær Arnfinn Elllingsen i Samferdsledepartementet meiner at flyplassdrifta i Gloppen kan vidareførast med mindre fly. Men Per Arne Vatle i Widerøe meiner at Sandane Lufthamn treng Dash 8 for å overleve.