Uaktuelt å reise frå Sogndal

Det skal mykje til for å lokke Sogndal-trenar Eirik Bakke vekk frå Fosshaugane. Etter at det vart kjent at Eirik Horneland skulle ta over som trenar i Rosenborg, byrja rykta å gå om at Bakke var aktuell for trenarjobben i Haugesund. Sjølv har Sogndal-trenaren vore på ferie i Abu Dhabi og ikkje høyrt noko frå haugalendingane.

Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0
Foto: Christian Blom / NTB scanpix