Hopp til innhold

Lydlogg avslører at lege snakka usant - «Uakseptabelt», meiner Pasientombodet

Det er alvorleg når helsepersonell ikkje snakkar sant. Det seier pasientombod Lisa Førde Refsnes.

Irina og Førde

REAGERER STERKT: Pasientombod Lisa Førde Refsnes (t.h.) understrekar at det er alvorleg når helsepersonell ikkje fortel sanninga. Til venstre er bilete teke av Irina då ho var alvorleg sjuk då ho var sju veker gammal.

Foto: privat/Kjellrun Lavik / NRK

Onsdag fortalde NRK om ein lege som ville gje ein alvorleg sjuk baby paracet og nasespray, og bad mora vente på at babyen skulle bli betre.

Ein sjukepleiar frykta for livet til barnet, og overprøvde legen og rekvirerte ambulanse. Det viser lydloggen.

Pasientombod Lisa Førde Refsnes likar svært dårleg at legar ikkje snakkar sant.

– Viss det er ei bevisst handling frå legen, at ein medvite har prøvd å skjule sanninga eller pynte på denne, så er det heilt uakseptabelt, seier pasientombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes.

Meiner telefonsamtalen er oppdikta

Det var i januar i fjor at den sju veker gamle babyen Irina frå Nessane i Balestrand vart alvorleg sjuk. Ho hadde feber, ville ikkje ha pupp og hadde problem med å puste.

Då legen ikkje ville rekvirere ambulanse, tok sjukepleiaren sjølv affære og fekk likevel tak i sjukebil. Mora til Irina, Renate England, seier legen snakkar usant.

– Legen påstår at det er ho som har rekvirert ambulansen, men det stemmer ikkje, seier England.

– Er du sikker på at det er løgn? Det kan ikkje vere ei misforståing?

– Nei. I det brevet eg har fått frå fylkesmannen, så siterer han noko ho har skrive til dei. Det er rett og slett ein oppdikta telefonsamtale som ho påstår å ha hatt med meg, seier England.

Då barnet kom på sjukehus, synte det seg at den sju veker gamle jenta hadde både RS-virus og alvorleg lungebetennelse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Irina og foreldra

SJOKKA: Renate England er framleis sjokkert over måten ho vart møtt på då ho søkte hjelp til Irina (på pappa Jan-Egils arm) då jenta var alvorleg sjuk for halvtanna år sidan. På mammas arm sit tvillingsøstera til Irina, Maria.

Foto: Bård Siem / NRK

Ber legen beklage

I ettertid, og sjølv om lydloggen viser at det var sjukepleiaren som rekvirerte ambulansen, påstår legen sjølv å ha gjort det. Det er heilt avgjerande at legane er til å stole på, seier Svein Aarset, leiar i Rådet for legeetikk.

– Det går på både truverdet til den einskilde lege og truverdet for legane generelt, seier Aarset.

Fylkeslegen har slått fast at legen handla medisinsk uforsvarleg. Aarset oppmodar den aktuelle legen til å beklage det som har skjedd.

– Legar gjer også feil, og beste måten å handtere feil på, er å erkjenne dei feila ein gjer og beklage desse, seier Aarset.

Den aktuelle legen ønskjer ikkje å kommentere saka.