Hopp til innhold

Tyske turistar i tjuveritrøbbel

Pøblar skapte store problem for eit par tyske bubilturistar. Fråstolne bilskilt gjorde at turistane vart fanga i Selje.

Natt til torsdag vart bilskilta til bubilen deira stolne.

Utan desse kunne ikkje turistane reise vidare.

Politiet har i heile dag hatt kontakt med tollverket, og den tyske ambassaden for å hjelpe turistane.

Men ved slutten av dagen fekk politiet tak i to 19 år gamle gutar, som tilstod tjuveriet og leverte tilbake bilskilta.

Politet seier dei kan forvente seg straff for tjuveriet.