Hopp til innhold

Tysk filmteam til Stad

Eit filmteam frå Kong Film jobbar med eit stort tysk filmprosjekt som gjer opptak i Noreg.

Hoddevika

Frå Hoddevikfjellet.

Foto: Jan Ove Hoddevik

I dag og i morgon skal filminnspelinga føregå på Stad, skriv Fjordenes Tidende. Det er scener til ein tysk familiekomedie som det skal gjerast opptak til. Filmen handlar om ein mann som har vunne seg ein norsk fjord.

Folkeauke

Audun Skarbøvik frå Kong Film kan fortelje at folketalet på Stad vil auke merkbart dei neste to dagane.

– Det vil vere om lag 70 personar på filminnspelinga. Vi tenkte vi kunne informere gjennom lokalavisa, slik at folk ikkje trur det har skjedd ein invasjon, seier Skarbøvik til Fjordenes Tidende.

Stengd veg

Når internasjonale filmteam kjem til Stad, må lokalbefolkninga rekne med enkelte endringar. Vegen på Hoddevikfjellet vil vere stengt i visse periodar under innspelinga.

– Vi er mange på filmsettet, og er nok nøydde til å stenge vegen for gjennomkøyring når vi filmar. Men det er berre snakk om nokre minutt av gongen, forsikrar Skarbøvik.