Hopp til innhold

Her startar monteringa av Loftesnesbrui

I føremiddag vart det første av dei to 430 tonn tunge sidespenna til Loftesnesbrui løfta på plass.

Den nye Loftesnesbrui på rv5 som skal erstatte den gamle brua frå 50-talet, har no fått sin fyrste av tre delar som utgjer bruspennet.

LOFTESNESBRUI TEK FORM: Det eine sidespennet blir sett på plass. Sjå korleis det gjekk føre seg. Foto: Ahmad Dean, NRK

– Vi skal løfte på plass sidespennet som skal stå på Loftesnes-sida, så det blir det første av tre store løft, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen før jobben starta.

Dei enorme stålkonstruksjonane er bygde ved eit verft i Polen og har vore slept på lekterar over Skagerak, vidare langs Norskekysten og inn Sognefjorden . Før brukara vart løfta på plass er det gjort eit omfattande grunnarbeid. Sjølve løftejobben reknar Solbakken med skal gå unna på eit par timar.

Gunnar Solbakken

SISTE SJEKK: Prosjektleiar Gunnar Solbakken på synfaring på sidespenna, før dei vert heiste på plass.

Foto: Statens vegvesen

Stenger brua

Onsdag er det klart for sidespennet på Sogndalssida, då vert også vegen over«gamle Loftesnesbrui» stengt medan sidespennet vert heist på plass.

– Det blir litt meir spanande fordi det skal monterast litt nærare brua der trafikken går i dag. Akkurat medan spennet vert heist på plass blir vegen over gamlebrua stengd, men forhåpentlegvis ikkje meir enn i to timar, seier Solbakken.

Loftesnesbrui

SNART NY BRU: Tysdag startar monteringa av den nye Loftenesbrui.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fredag skal midtpartiet på plass

Fredag skjer det store løftet, då skal sjølve midtpartiet heisast på plass. Den siste tida har Solbakken følgt spent med på vêrmeldingane, for dei vil helst ikkje har for mykje vind denne veka medan løftearbeida går føre seg.

– Ja, når midtspennet kjem på plass då vil vi plutseleg sjå at det står ei bru der. Vêrmessig ser det bra ut. tysdag er det faktisk meldt sol midt på dagen og lite vind. Akkurat det med vind er det som kan vere mest sårbart for oss, men så langt ser det bra ut.