Tysdag får keeperkjempa maske

Kenneth Udjus vil vakte sogndalburet med maske når regjerande seriemeistrar Molde kjem på vitjing kommande laurdag.

Kenneth Udjus

SPELAR: Kenneth Udjus vaktar mest truleg målet når Sogndal tek i mot Molde på laurdag. Tysdag får han støypt maske for å verne om nasebrotet.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Sogndalkeeperen har i dag fått påvist brot ved naserota. Tysdag får Kenneth Udjus støypt maske til bruk mot Molde i helga.

For dersom øyre-, nase-, halsspesialisten ikkje set foten ned, spelar 28-åringen med mot Ole Gunnar Solskjær & co.

– Får eg bestemme sjølv, så står eg ikkje over kampen mot Molde. Eg vil vere med å medverke det eg kan, seier han på telefon frå Oslo.

Slo 'Enga

Sørlendingen har ikkje kome heim til saftbygda etter fredagens 2–0 siger mot Vålerenga på Ullevaal. Keeperen braut nasen etter at vart treft av kneet til Abdurahim Laajab kvarteret før slutt.

Nasen vart knekt på plass att og den tidlegare brannkeeperen fullførde med ein bomullsdott i nasen.

– Eg var litt i ørska med ein gong, og det var heilt klart ubehageleg. Men du har så mykje adrenalin, så det er berre å halde ut, sa han til NRK.no etter kampen.

Har prøvd før

Udjus har tidlegare brote kinnbeinet, og har vakta buret med maske. Han er klar over risikoen for å spele kampen utan maske.

Sogndal er i flyten og står ubesigra på fem kampar. Det har førebels resultert i ein fjerdeplass på tabellen.

– Eg braut kinnbeinet på dei fleste plassar og maska likna mest på ein hjelm. Men det er så pass lenge sidan at eg håpar det har skjedd ting på utviklinga med desse maskene. Sjølv om det ikkje høyrest bra ut å spele med maske, så håper eg det ikkje vil påverke meg nemneverdig, seier han.

– Alltid eit «men»

Naprapat og medisinsk koordinator i Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen, trur ikkje Sogndal må klare seg utan den solide sisteskansen. Udjus sette nyleg ny rekord med lengst tid utan å sleppe inn mål i eliteserien.

Med berre eitt baklengsmål på dei fem første seriekampane er han også den keeperen som har sleppt inn færrast mål i år.

– Eg trur ikkje det blir noko problem, men det er jo alltid eit «men». Ein spesialist skal sjå på bileta og avgjere om nasen må knekkast meir på, om han ikkje får lov å trene eller spele kamp med det første – eller at han kan spele, seier Jacobsen.

Flo i trening att

Ein maske vil ikkje skåne Udjus 100 prosent frå fleire smell i nasen, men reduserer sjansen merkbart.

– Den vil verne mot nye støyt, men ikkje 100 prosent. Det er uansett betre forsikring å spele med den, enn utan, seier Jacobsen som elles har lite nytt om lengda på skadelistan.

Per Egil Flo trente måndag med resten av spelargruppa, men er framleis usikker fram mot gjensynet med tidlegare sogndalspelar Even Hovland og Molde.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.