Hopp til innhold

Tysdag blir det storm på kysten og i fjellet

Hold på hatten og fest julelysa, for her kjem ein liten førjulsstorm.

Utsikt frå Stadlandet.

STORM VED STAD: Lengst ute i havgapet er det venta sterk storm tysdag til onsdag. Lenger inn i landet blir det liten storm på fjellet og sterke vindkast blir det i heile fylket.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Meteorologane har sendt ut OBS-varsel for vinden som kjem inn over kysten tysdag ettermiddag.

No er det lurt å feste julelysa ekstra godt på treet, for det blir sterk vind i heile fylket.

  • Tysdag ettermiddag auking til sørleg liten storm på kysten og i fjellet, og sterk storm kring Stad. Det er også venta lokalt kraftige vindkast på 25–30 m/s. Vinden er venta å minke onsdag føremiddag.
Laster Twitter-innhold

Frå vind til nedbør

Meteorolog Halldis Berge ved vêrvarslinga på Vestlandet fortel at vinden etter kvart går over til regn.

– Onsdag ventar vi meir nedbør. Det ein sørvestleg vindretning, og stiv kuling på kysten og i fjellet. Det blir bygevêr, og snøgrensa trekk seg nedover, fortel Berge.

Då vil nedbøren komme som snø ned til 6–800 meter. Torsdag vil den krype enda lenger ned mot låglandet.

– Då vil det kanskje snø i låglandet også, fortel meteorologen.

På vesle julaftan er det store spørsmålet meteorologane stiller seg: kor varmt blir det?

– Det er usikkert om det blir sludd eller regn i indre strok. Men det blir i alle fall regn på kysten og snø i fjellet, seier Berge.

Per no ser julaftan ut til å halde fram med byevêr og vind frå vest – men det er enno nokre dagar att til det varselet er sikkert.

  • I Sogn og Fjordane er det fare for våte flakskred og våte laussnøskred på grunn av det milde været. Hugs å følge med på Varsom.no dersom du skal på skitur når snøen kjem!

earth.nullschool.net sitt vindkart kan du sjå kvar vinden er sterkast: