Hopp til innhold

Tylekøyring med båt enda nesten gale

Det heldt på å gå skikkeleg gale då nokre ungdommar «leika» seg på sjøen utanfor Florø laurdag. Berre flaks hindra at ein båt med tre ungdommar om bord kantra.

Leiar i Flora Røde Kors Hjelpekorps, Herman Fjellro.

OPPMODAR: Korpsleiar Herman Fjellro i Flora Røde Korps Hjelpekorps ber foreldra ta ein prat med borna sine om farane ved sjølivet.

Foto: Privat

– I dag blei vi vitne til noko som fort kunne blitt ei tragedie. Tre små båtar kom køyrande frå Furuholmen. Like ved Sørstrand stoppa to av båtane opp, medan den tredje kom i full fart mot dei og svingar krapt berre centimeter frå den eine båten, skriv Røde Kors-båten i Florø i ei oppdatering på Facebook laurdag kveld.

Brottsjø velta nesten båten

Då vi søndag føremiddag ringjer korpsleiar i Flora Røde Kors Hjelpekorps, Herman Fjellro, kan han utdjupe kva som skjedde. Han var sjølv til stades.

Røde Kors-båten i Florø.

KOM RASK TIL: Den nye Røde Kors-båten i Florø deltok på eit kurs då nestenulykka skjedde.

Foto: Flora Røde Kors Hjelpekorps

– Ein stor brottsjø løftar den eine av dei to båtane som ligg i ro, og tippar den over på sida. Båten la seg såpass over at vi såg kjølen under han. Det var tre personar om bord, og den eine var så å seie nede i vatnet – heile personen.

Ein person hamna i sjøen

Hjelpekorpset var tilfeldigvis i same området med to båtar i samband med eit kurs i vassredning. Dei køyrde raskt ut for å sjå til at det gjekk bra med ungdommane i båtane.

– Då vi kom bort stod han som hadde vore i vatnet om bord i båten. Han var vel tørr på eine foten frå kneet og ned, fortel Fjellro.

– Dette er heilt forkasteleg oppførsel som set liv i fare. Dette er tylefakter til sjøs.

– Ser de slike ting ofte?

– Vi opplever ikkje slike ting ofte, som vi ser sjølve. Men det føregår nok oftare enn vi er klar over, meiner korpsleiaren.

Stakk av

Båten som var skuld i hendinga stakk av, men den nye Røde Kors-båten i Florø var raskare og klarte å nå igjen den unge tenåringen som køyrde med ein fart på 15 knop. Vedkomande vart beden om å roe køyringa si.

– Ungane som var i den båten som heldt på å kvelve syntest ikkje dette var noko kjekk oppleving. Alle hadde redningsvest, men det hjelper lite når det er tylekøyring som kan få alvorlege konsekvensar, skriv korpset på Facebook.

– Snakk med borna om farane på sjøen

Fjellro seier det er flott at ungdommane kosar seg på sjøen. Hendinga vart ledd litt vekk av ungdommane sjølve, men korpsleiaren minner om at slik køyring ikkje er nokon spøk. Han peikar på at det er viktig med god kunnskap om farane med sjølivet. Difor har han – etter helgas oppleving – ei oppmoding til foreldre til båtglade born:

– Dei kan gjerne setje seg ned og ta ein prat med ungane sine og forklare at det er fint å vere sjøen, men at det er viktig å bruke hovudet og sunn fornuft.