Hopp til innhold

Meiner det er urettferdig at Førdefestivalen får 11 mill. neste år

Medan Førdefestivalen får 11 millionar i offentlege overføringar neste år, får andre festivalar berre smular. – Svært urettferdig, seier Viggo Randal i Utkantfestivalen.

Viggo Randal

FOR MYKJE: Festivalsjef for Utkantfestivalen, Viggo Randal, meiner Førdefestivalen får vel mykje av den offentlege potten.

Foto: Gøril Sætre / NRK

Utkantfestivalen på Skjerjehamn får til dømes 200.000 i offentleg støtte.

– Det er urettferdig fordi staten aukar sine løyvingar, og det løyser ut at fylkeskommunen må stille med ein vesentleg større sum, og som igjen fører til at det vert mindre frie midlar til dei andre arrangørane og gode tiltaka som finst rundt om i fylket, seier festivalleiar i Utkantfestivalen på Skjerjehamn, Viggo Randal.

Dagleg leiar i Førde Internasjonale folkemusikkfestival Hilde Bjørkum var eit einaste stort smil etter at statsbudsjettet vart lagt fram måndag.

– Vi er både audmjuke og glade for å få ei slik løyving. Vi er ganske stolte også, for vi opplever at vi får ei anerkjenning for å gjere ein god jobb, seier Bjørkum.

  • LES OGSÅ:

Aukar med 1,1, millionar

Det blir nemleg lagt opp til at dei statlege løyvingane til festivalen blir på 6,5 millionar neste år, ein auke på 1,1 millionar kroner.

Dette utløyser igjen auka løyvingar frå fylkeskommunen og Førde kommune, slik at dei samla offentlege overføringane blir på nær 11 millionar kroner.

Utkantfestivalen må på si side greie seg med berre 200.000 kroner i offentleg støtte. Randal meiner at ein bør sjå dagens ordning for å få til ei meir rettferdig fordeling av midlane.

– Vi ventar ikkje å komme opp på desse nivåa, men at det hadde vore litt meir til oss, hadde ikkje gjort noko, seier Randal.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Statleg stønad Førdefestivalen

 

Statleg stønad

Besøkstal

Billettar

2013

5 465 000

25 000

14 800

2012

4 903 000

27 000

13 700

2011

4 756 000

25 000

14 000

2010

4 128 000

27 000

14 000

2009

4 000 000

29 000

14 000

2008

3 228 000

26 000

13 000

2007

2 616 000

25 000

13 000

2006

2 040 000

27 000

14 300

2005

2 000 000

25 000

12 650

2000

1 500 000

25 500

 

Ekspander/minimer faktaboks

Knutepunktstatus gir pengar i kassen

Hovudårsaka til Førdefestivalen får så mykje i offentleg støtte er at festivalen sidan 2005 har hatt status som såkalla knutepunktfestival.

Den andre festivalen som har slik status i fylket er Norsk Countrytreff på Breim, som i år fekk nærare tre millionar i offentleg støtte.

Medan Førdefestivalen og countryen på Breim til saman får om lag 14 millionar kroner i offentleg støtte, sit 15 andre festivalar og arrangement i fylket att med 800.000 kroner på deling.

Burde vere meir rause

Bjørkum forsvarer knutepunkt-ordninga.

– Ein kan tenkje at ein kan spreie dei midlane alle får, likt. Men eg er ikkje sikker på at resultatet til slutt, korkje kunstnarleg eller publikumsmessig, vil bli betre av den grunn, seier Bjørkum.

– Men har du forståing for at einskilde er misunnelege på dykk?

– Ja, på ein måte. Samtidig kunne eg ønskje at vi var veldig rause med kvarandre, i staden for å banke kvarandre i hovudet i kulturlivet. Vi må klare å ha to tankar i hovudet på ein gong, seier Bjørkum.

På same tid som løyvingane til Førdefestivalen har skote i vêret dei siste åra, har talet på selde billettar variert mellom 12.600 i 2005 og 14.800 i år.

Fekk mindre før, men var like bra

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, er kritisk til at Førdefestivalen og andre knutepunktfestivalar stikk av med ein så stor del av potten.

– Du skal ikkje mange år tilbake i tid der dei hadde monaleg mindre midlar enn det dei har i dag. Eg vil hevde at Førdefestivalen var akkurat like god den gongen, som han er i dag, seier Djuvik.

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, ønskjer at ordninga med knutepunktfestivalar held fram.

– Det er kjempeviktig at vi i Sogn og Fjordane har nokon kulturinstitusjonar som er leiande nasjonalt og internasjonalt på sine felt, seier Erikstad.

– Men er det rett at einskildfestivalar skal få fleirfaldige millionar, medan andre får ingenting?

– Vi har nokon knutepunktfestivalar som har eit veldig konkret oppdrag. Og så har vi ein flora av mange festivalar, og eg ønskjer dei all mogleg lykke til. Men vi må ikkje snakke ned dei andre, sjølv om vi ønskjer meir sjølve, seier Erikstad.

Men Randal meiner dette ikkje handlar om å snakke ned andre.

– Det som er trist med heile ordninga, er at det vert så lite att til dei andre, altså frie midlar til andre arrangørar, seier Randal.