NRK Meny
Normal

Tykkjer det er mange som vil ha ny region

Fylkesordførar Jenny Følling er overraska over at ikkje fleire vil behalde Sogn og Fjordane som eige fylke.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

TRIO: Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (Rogaland) underteikna ein avtale som kan føre til at tre fylkesordførarar blir til ein frå 2020.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ei undersøking som Sentio har gjort for NRK Sogn og Fjordane viser at eit knapt fleirtal av innbyggarane i fylket ynskjer at Sogn og Fjordane skal bestå som eiga eining.

Men 41 prosent ynskjer at fylket skal slå seg saman med ein eller fleire av nabofylka. Det tykkjer fylkesordførar Jenny Følling er eit høgt tal.

– At 41 prosent vil ha ny region er ganske mykje når ein tenkjer på at dette er ei endring, at det er noko nytt. Vanlegvis er skepsisen stor mot noko som er nytt.

– Men det er vel også ei erkjenning av at det skjer noko på Stortinget. Eit breitt fleirtal ynskjer nye regionar, sa Jenny Følling i NRK si ettermiddagssending i radio i dag.

70 % av folk under 30 år vil at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke

TV: Sjå også reportasjen frå Vestlandsrevyen.

Ta posisjon

Ho la til at det er med denne bakgrunnen at fylkestinget har tilnærma seg saka.

– Vi måtte ta ein posisjon her. Viss det blir større regionar vil vi vere med på å bestemme kva veg vi skal gå. Vi vil slett ikkje bli delt opp eller bli mat for andre. Det er vi veldig tydelege på, sa fylkesordføraren.

Og difor vedtok Fylkestinget at det skulle utarbeidast ein intensjonsplan med Hordaland og Rogaland. Fylkestinget ville også snakke med Møre og Romsdal, men så langt har ikkje nabofylket i nord ynskja det.

Intensjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vart underskriven 15. september i Førde.

Spørjeundersøkinga viser at berre 13 prosent ser Rogaland som ein attraktiv partnar, medan 38 prosent ynskjer Møre og Romsdal, eit fylke som ikkje er ein del av intensjonsavtalen.

– Det er veldig logisk. Blir det ein større region, peikar det store fleirtalet i undersøkinga sørover mot Hordaland, og andre mot Møre og Romsdal. Rogaland er jo lenger unna, meiner Følling.

Brei høyring

– Fleirtalet er jo imot regionreforma. Får det noko betydning i arbeidet som fylkespolitikarane no skal gjere?

– Fylkesutvalet har bedd om ei brei høyring der alle skal få kome med innspel. Og sannsynlegvis bli det høyring i alle tre fylka. Men det som er fylkestinget sitt ansvar er å gje eit råd til Stortinget og vi har frist i løpet av desember til å gjere det, seier Følling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.