- Det er heilt rått å gjere det på denne måten, samstundes som dei nektar for at det har vore kutt i trygdeytingane, meiner organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, Jan Olav Gjerde.
Valkampsak
I slutten av 2002 fekk regjeringspartia med Framstegspartiet si hjelp, gjennom statsbudsjettet, fjerna retten til utbetaling av feriepengar på grunnlag av dagpengeutbetalingar. Dette synest Arbeidar-partimann Jan Olav Gjerde ingenting om, og gjer no dette til ei valkampsak.
- Trygdelova har blitt slik, og det er lite vi kan gjere med det. Men det folk kan gjere, er å røyste 12. september slik at vi får ei ny regjering som kan endre reglane.
20.000 mindre
Dei nye reglane vart gjeldande frå 1. januar 2003, og betyr at dei som gjekk på dagpengar i fjor ikkje har rett på feriepengar i år. Tilsette ved Havyard Leirvik gjekk permitterte i store delar av 2004, men dei fleste kom grunna nye kontraktar til Havyard tilbake i jobb i år. Men sidan dei mottok dagpengar i 2004, har dei i år vore tinga til å ta ferie utan å få eit øre i feriepengar. Det betydde opptil 20.000 kroner mindre å rutte med for verftsarbeidarane i sommar.
- Det har vore tøft for mange i sommar, seier klubbleiar ved Havyard Leirvik, Frank Høgmo.
Kritiserer Frp og Høgre
Og Jan Olav Gjerde i Fellesforbundet rettar hard kritikk mot Framstegspartiet og Høgre.
- Det er resultat av Høgre sin politikk, støtta av Frp og Åge Starheim. Dette er ein politikk som ikkje gagnar arbeidsfolk, seier han.
Starheim har tidligare støtte denne ordninga, men lova i ein debatt i NRK Sogn og Fjordane torsdag ettermiddag å jobbe for at permitterte igjen skal få feriepengar. Han var ikkje klar over at det var forskjell i reglane for permitterte og arbeidsledige. Arbeidsledige får nemleg dagpengar 12 månader i året, seier Starheim.