Av og
Reiar Jarl Magne Silden i Veststeinen AS er ein av dei som no søkjer austover etter mannskap. - Vi hadde helst sett at vi kunne behalde norsk arbeidskraft. Men vi ser at på grunn av nettolønsordninga offshore forsvinn alt mannskapet dit, og vi greier ikkje å erstatte dei med norsk mannskap, seier han.
Baltisk mannskap
Silden og fleire andre reiarar frå Nordvestlandet var i dag samla på møte med Innovasjon Norge sin representant i Baltikum. Deira målsetting var enkel, å få hjelp til å skaffe baltisk mannskap. - Grunnlaget er at politikarane har sagt at dei ikkje vil vere med på nokon nettolønsordning for fiskarar. Og vi må då sjå oss om etter arbeidskraft andre plassar, seier han.
Utkonkurrerar fiskeflåten
Nettolønsordninga går ut på at offshoreflåten får tilbake frå staten skattepengane som mannskapet har betalt inn. Men denne ordninga gjeld berre for supplyflåten og handelsflåten. Resultatet er at offshoreflåten kan betale betre og utkonkurrerar fiskeflåten i kampen om mannskap.
Uønska utvikling
Leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen, er ikkje overraska over at reiarar no ser mot utlandet for å skaffe seg mannskap. - Men vi ønskjer ikkje ei slik utvikling, seier han.