Hopp til innhold

Tvinde tek pause frå lensmannsjobben

Etter nesten åtte år som lensmann i Førde og Naustdal tek Jan Egil Tvinde ut permisjon. Sjølv grunngir han det med behovet for ei pause frå ansvaret.

Lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde

PAUSE: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, seier han har behov for ei pause frå det store ansvaret.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Det var avisa Firda som i dag melde at Tvinde tek eitt års permisjon for å jobbe som praksisansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane.

I april hadde han runda åtte år som lensmann, og dei siste fem åra har han også vore driftseiningsleiar i Sunnfjord.

Tvinde seier til NRK.no at han har kjent på eit veldig ansvar.

– Å vere lensmann og driftseiningsleiar i Sunnfjord, med ansvar for meir enn 50 prosent av det meste i Sogn og Fjordane politidistrikt, det kjenner du på. Det kan vere greitt å kjenne litt på korleis det er å ikkje ha ansvar for så mykje. På den måte vil ein kunne kjenne på om ein likar å ha ansvar, eller om det er godt å ha pause frå det, seier han til NRK.

Skal rettleie dei unge

Som praksisansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane vil den røynde politimannen ha ansvar for alle studentane frå politihøgskulen som er utplasserte rundt om i fylket.

– Eg får jobbe med unge framandstormande som har lyst å bli politi, og skal hjelpe dei best mogleg på vegen, seier han.

– Eg har ingen formell utdanning, men eg trur det skal gå rimeleg greitt, seier han om den manglande pedagogikk-utdanninga.

Frå 1. januar vart Sogn og Fjordane politidistrikt del av det nye politidistriktet Vest. Dei store endringane i politiet si organisering har ikkje vore spesielt utslagsgjevande for karriereskiftet, seier Tvinde.

– Jobben eg skal prøve meg i no har eg hatt lyst på lenge, og når den no vart ledig måtte eg søkje og det blir interessant å få prøve seg i den.

Avviser at han er sliten

Å vere lensmann er ein 24-timars jobb, året rundt. På spørsmål om han er sliten nektar Tvinde for det.

– Nei, eg føler meg ikkje sliten. Eg har snakka med fleire om det, og dei seier at det er lurt å ta ein pause før ein føler seg sliten, utbrent, lei eller kva det skulle bli. Så eg tenkjer det er bra å gjere dette no, seier lensmannen.

Kva kjem du til å sakne minst?

– Det å kjenne på eit forholdsvis stort ansvar, svarar Tvinde.

Det er førebels ikkje kjent kven som skal ta over som lensmann i Førde og Naustdal, og som einingsleiar for politiet i Sunnfjord. Tvinde går over i ny jobb frå starten av februar.