NRK Meny

Tvinde slutter som lensmann

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, går over i ny jobb i Sogn og Fjordane politidistrikt, det skriv Firda. Tvinde tek frå 1. februar eitt års permisjon for å tre inn i stillinga som praksisansvarleg i politidistriktet. Overfor Firda grunngir Tvinde jobbskiftet med eit ynskje om å prøve noko nytt. 46-åringen har vore lensmann i Førde i snart åtte år.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå