Hopp til innhold

Tvinde og Mol til finale i U23-VM

I semifinalen i sandvolleyball-VM for U23 i Polen vann søndag Lars Fredrik Tvinde og Henrik Mol over eit tysk par. Settsiffer vart 21-11 og 21 - 15. Dermed er dei to klare for finalen som vert spelt seinare i ettermiddag. Motstandarar er enno ikkje klart.