Hopp til innhold

Trur ikkje ekstremvêret vil skade turismen

Verken Visit Sognefjord eller NHO Reiseliv i Vest-Norge trur at ekstremvêret vil stoppe turistar i å besøke Sogn og Fjordane i haust- og vintersesongen.

Ståle Brandshaug

TRUR IKKJE PÅ STAGNASJON: Reiselivsdirektør i Visit Sognefjorden seier at reiselivsaktørane i dei flaumråka områda har vore veldig profesjonelle på å ta vare på turistar når ekstremvêret rasar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det har ikkje vore noko stor dramatikk knytt til liv og helse for turistane, men det er klart at det har vore dramatisk med dei materielle skadane der inne, seier Ståle Brandshaug, som er reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Fleire av reiselivsaktørane i Sogn er tilknytt Visit Sognefjord, og Brandshaug har halde seg oppdaterte på tilhøva for dei ulike bedriftene i Lærdal, Årdal, Aurland og Flåm.

Jobbar med løysingar for råka turistar

Desse stadane har dei vore hardt råka av flaumen i veka, og mellom anna har det vore evakuering av nokre av hotella i Flåm.

Sjølv om den store turistsesongen er over, er det framleis turistar på reise i regionen.

– Dei ulike aktørane jobbar med å løyse dei utfordringane dei har, og fleire bygningar i og rundt Flåm har fått skadar, sjølv om vi ikkje har full oversikt over omfanget, seier Brandshaug.

Flåmsbana måtte tysdag evakuere 43 personar frå vognene da toget ikkje kom seg vidare frå det flaumråka området.

(Saka held fram under bilete)

Berging av utstyr

BERGA UTSTYR: 13 hus er vurdert som totalt øydelagde etter flaumen i Aurland.

Foto: Arne Veum

Reiselivsdirektøren seier at dei ulike reiselivsbedriftene i områda som er hardt råka skal gjere det beste dei kan for at turistane som er i området blir tatt godt vare på.

– Reiselivsaktørane er veldig profesjonelle på å vareta turistane som er her no, og dei handterer dei godt, seier Brandshaug.

Trur ikkje på stagnasjon

Til trass for at dei som ferierer på Vestlandet no får oppleve eit vêr som er utanom det vanlege, trur ikkje Brandshaug at dette vêret er så ekstremt at det vil skremme turistar frå å vitje Norge i framtida.

– Eg trur ikkje at denne hendinga vil slå ut i redusert trafikk i neste sesong, i alle fall ikkje i særleg stort omfang.

Wenche Salthella

TVILER PÅ INNVERKNAD: Regiondirektør i NHO Reiseliv, Wenche Salthella, trur ikkje at ekstremvêret vil ha store innverknadar på turismen i regionen.

Foto: Pressebilete, NHO

– Det er klart at dette er ei katastrofe for mange av dei involverte, så det skal ein ikkje underslå. Samtidig så veit vi det at det er ekstremvêr i mange deler i verda.

– Mange av dei som kjem hit kjem frå delar av verda kor det ikkje er uvanleg med ekstremvêr i periodar, så eg er usikker på om det vil slå ut spesielt i forhold til nedgang eller stagnasjon i marknaden, det er det for tidleg å seie noko om, men eg trur ikkje det.

– Vi marknadsfører jo ikkje pent vêr

Reiselivsdirektøren frå Visit Sognefjord får støtte frå ein annan reiselivsdirektør, Wenche Salthella. Salthella er regiondirektør i NHO Reiseliv i Vest-Norge.

Ho trur ikkje at ekstremvêret og flaumkatastrofar vil ha store innverknadar på turismen og reiselivet i regionen, når alt kjem til alt.

– Eg trur turistane kjem til Norge fordi dei har lyst til å besøke landet og fordi det er vakkert. Vi marknadsfører jo heller ikkje pent vêr når vi marknadsfører oss ute i verda, så eg trur nok ikkje at turistane kjem hit på grunn av vêret, seier ho.

Kva trur du ekstremvêret vil ha å seie for turismen på Vestlandet?

– Ekstremvêr opplever ein jo alle stader i verda av og til, ein gong er det her, ein annan gong er det ein annan stad. Eg trur ikkje det vil ha nokon innverknad på turismen her, med mindre det skulle kome veldig mykje av det, men det får vi jo ikkje håpe, avsluttar Salthella.