Tvilar på felgproduksjon i Høyanger

Innovasjon Norge deler ikkje lokalbefolkninga sin optimisme etter intensjonsavtale om framtidig felgproduksjon i Høyanger.

Dei siste felgane frå Fundo.

Det er kommunen og det franske bildeleselskpaet Saint Jean som har signert intensjonsavtalen om å produsere hybridfelgen i industribygda .

- Det er jo positivt. Veldig positivt. Det er dette folk har venta svaret på. Blir det? Blir det ikkje? Det er greitt å få avklaring at det skjer noko, seier Monica Larsen Gjersvold.

Nøktern Roald

Lokalbefolkninga er optimistar og vonar på nytt liv i lokala til konkursråka Fundo Wheels . Kring 300 personar mista jobben då verksemda stengde dørene i februar i år . Det er Innovasjon Norge som eig konkursbuet og patenten på hybridfelgen. Kredittsjef i Innovasjon Norge, Nils Roald, er nøktern til den nye avtala.

- Avtala inneber ikkje kostnadar eller forpliktingar til dei som inngår ein slik avtale. Men vi ser på det som interessant og eitt av fleire innspel i høve kva som skal skje med anlegget i Høyanger, seier han.

(Saka held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_2_12_19_6_38_38.jpg

Lita interesse for Høyanger

Roald seier sjansane var større rett etter konkursen for ny produksjon i Høyanger.

- Vi ser at det vil vere vanskelegare å sjå føre seg ny drift i Høyanger på basis av den situasjonen vi no står ovanfor, men ikkje umogleg, seier han.

Fleire har meld interesse for å kjøpe utstyr og patent, men få vil drive produksjonen i Høyanger.

(Saka held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_1_12_19_11_2_2185.jpg

Ventar på bod

Roald ventar å høyre frå fleire, men seier at det er lita interesse for å drive produksjonen vidare i Høyanger.

- Men vi ser at det er andre som er interessert i noko av utstyret. Så er det samstundes slik at det er vanskeleg å få i gang ny produksjon innan bildeleproduksjon i dag. Slik sett er det mange som tenkjer seg om både ein og to gonger. Vi ventar å få bod frå både ein og to, seier han.

(Saka held fram under TV-innslaget)

Fundo Wheels i Høyanger

- Kan bli veldig bra

Lokalbefolkninga meiner likevel at intensjonsavtalen er den beste løysinga for Høyanger og felgproduksjonen. Larsen Gjersvold var sjølv mellom dei mange som mista arbeidet.

- Eg trur ikkje det blir så veldig mange som får arbeid i byrjinga, men optimismen vil komme. Om det ikkje blir stort med det same, så kan det jo bli veldig bra, seier ho og tykkjer det er trasig å sjå lokala stå tome dag ut og dag inn.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.