Hopp til innhold

Trur ikkje skipstunnel vil gje meir sjøtransport

Jan Høegh i Holthe Consulting tvilar på effekten av Stad skipstunnel.

Stad Skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Slik er det tenkt at tunnelmunningen på Stad skipstunnel skal sjå ut.

Foto: NRK

Regjeringa har sett seg mål om å flytte meir gods frå vegane til sjøen. Noko som også har vore nytta som kronargument for skipstunnelen.

Men ifølgje den nye kvalitetssikringsrapporten vil ikkje meir gods bli flytta frå vegane og over til sjøen.

– Vårt poeng er at når ein ser isolert på Stad, så trur vi ikkje det åleine vil gje noko revolusjonerande endring, seier Jan Høegh i konsulentverksemda Holthe Consulting.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ TV-SAK: Slik blir Stad skipstunnel.

Festar ikkje lit

Denne veka kom rapporten som også slår fast at skipstunnelen blir meir lønsam enn ein først trudde . Kvalitetssikringa skulle avklare dei siste spørsmåla før regjeringa tek stilling til prosjektet som det har vore snakka om i 25 år.

Jan Høegh

TVIL: Jan Høegh tvilar på effekten av Stad skipstunnel.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Høegh i Holte Consulting festar ikkje lit til påstanden om at mindre ventetid og skader på grunn av storm og høge bølgjer vil føre til større satsing på sjøtransport.

– Det har å gjere med slike forhold som tid og regularitet. Det er tryggare og meir føreseieleg å bruke vegen, seier Høegh.

– Sjø tek lengre tid

Konsulenten viser til at mykje av godstransporten går med store containerbåtar som møter få problem på Stadhavet.

Han vedgår at tunnelen kan redusere tidsbruken noko, men neppe slik at det monnar.

– Lengre tid samanlikna med vegtransport tek det uansett. Så er det noko med at mykje gods går på så store båtar at dei klarer seg godt på utsida og vil uansett ikkje nytte tunnelen, seier Høegh.

Vil satse på sjøen

Kvalitetssikringsrapporten vart positivt motteken av tunnelforkjemparane, sjølv om den konkluderer med at samfunnsnytten framleis er negativ i forhold til kostnadene.

Jan Helgøy

TRUR: Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, trur skipstunnelen vil føre til meir sjøtransport.

Foto: NRK

Men punktet om godstransport kan tunnelforkjempar og ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, styre si begeistring for. Han trur både politikarar og næringslivet i langt større grad vil satse på sjøtransport.

– Det vil no tvinge seg fram. Ein må over frå pratestadiet til handlestadiet og då passar skipstunnelen som hand i hanske. Berre dette blir peika på som viktig, så vil reiarane vere på plass i god tid for å løyse ut problemet, seier han.

Video 1c3f9c74-b284-4d5f-9648-3cc98e54e6df.jpg

SJÅ TV-SAK: Hurtigruta kryssar Stadhavet.