Hopp til innhold

Tverrpolitisk trampeklapp og deling til tusen

«No må du skjerpe deg. Du veit ikkje kva du snakkar om», sa ein distrikts-ordførar til ein Oslo-politikar. Det vart Norges kanskje mest delte politiske innlegg.

Alfred Bjørlo og Facebook-innlegg.

POPULÆR: Eid-ordførar Alfred Bjørlo sitt innlegg er delt over 1 500 gonger på Facebook. Og fleire titals tusen på fleire nettaviser. Innlegget var skreve på den trufaste datamaskina med sauebilete.

Alfred Bjørlo hadde akkurat vore på musikalframsyning med born og ungdommar i Operahuset i Nordfjordeid.

Men i bakhovudet kverna debatten han hadde høyrt på NRK Politisk kvarter same morgon.

Finansbyråd Robert Steen (Ap) i Oslo i debatt mot stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Venstre-ordføraren i vesle Eid kommune irriterte seg over finansbyråd Robert Steen (Ap) i Oslo som sa at hovudstaden er eit kompetansesenter. Og at Sogn og Fjordane ikkje var det.

Bjørlo sat seg ned med datamaskina dekorert med beitande sauer, og skreiv eit engasjert innlegg på Facebook. Deretter klappa han den igjen, og sat seg til å lese ei bok.

Innlegget vart nok litt for langt, tenkte han, men han måtte berre få det ut.

Så eksploderte det.

Sjølve innlegget hans på Facebook er no delt over 1 500 gonger. Nesten 5 000 personar har reagert på det.

I tillegg lagde ei heil rekkje nettaviser sine artiklar av innlegget.

Først i Aftenposten, men også i TV2.no, Kommunal Rapport, Sunnmørsposten, Firda og Dagbladet.

Men mest delt av dei alle er lokalvisa Fjordenes Tidende sin versjon.

Den er så langt delt 14 400 gonger, og er på topp 10-lista over dei mest delte nyheitsartiklane i heile Norges land i førre veke.

Dagbladet sin artikkel om innlegget er på ein 13.-plass med over 12 800 delingar.

Slår alle rekordar

Erling Wåge

STØRST: Vesle Fjordenes Tidende sin artikkel var blant landets mest delte. Redaktør Erling Wåge er imponert.

Foto: odd l. drabløs

– Det er jo kjempemorosamt. Det syner kor nasjonal ei lita lokalavis kan vere.

Det fortel redaktør Erling Wåge i avisa i ytre Nordfjord, med eit opplag på litt over 4 000.

– Vi har aldri sett noko liknande i Fjordenes Tidende si digitale historie. Dette er den artikkelen med mest unike brukarar på fjt.no, nokon gong.

– Kvifor vart dette innlegget så populært?

– Eg trur han har treft nokre kjensler hos folk. Både dei som er einige, og dei ueinige.

Tverrpolitisk applaus

Ei rekkje profilar frå ulike hald har applaudert innlegget på Facebook.

  • Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge:
    – En fryd å lese på en fredag. Har du ikke hørt om eller lest talene og kronikkene til Alfred Bjørlo – start med denne. Viktig og så fantastisk godt skrevet!
  • Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest skriv:
    – En tydelig og viktig stemme Alfred Bjørlo! Riktig god helg!
  • Aleksander Øren Heen, stortingskandidat og politisk rådgjevar for Senterpartiet:
    – Ikkje ofte eg deler innlegg frå venstrefolk, men her traff du spikaren Alfred Bjørlo!
  • Ordførar Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal:
    – Særs godt skrive Alfred Bjørlo! Å snakke opp utan å snakke ned er ein kunst svært få beherska.
  • Tidlegare byråd i Oslo, Robert Wright (KrF):
    - Som Oslo-patriot og tidligere byråd må jeg likevel berømme ditt innlegg. Det er helt riktig. Min navnebror har ikke fått med seg vesentlig kunnskap om landet sitt. Stå på.
Alfred Bjørlo

MEIR ENN ULV: Alfred Bjørlo meiner han har bidrege med ein nyanse i distriktsdebatten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Distriktsopprør er ikkje å plaffe ned ulv

Måndag ettermiddag har Alfred Bjørlo vanskeleg å ta inn over seg over kor kolossalt mange som har delt, lest og kommentert meiningsytringa hans.

– Det har vore så massivt. Så enormt. Så mange tilbakemeldingar frå folk over heilt landet som eg aldri før har treft.

– Eg håpar det har vore med å slå fast at det ikkje er eit urimeleg krav at det skal vere statlege kompetansemiljø i heile landet.

Han meiner sjølv at han har bidrege med ein nyanse i den store debatten om by og land.

– Distriktsopprør handlar ikkje berre om å få plaffe ned ulv, eller tvihalde på gamle kommunegrenser. Det handlar om å byggje moderne samfunn over heile landet. Det greier vi, avsluttar Alfred Bjørlo.