Hopp til innhold

Tverrpolitisk Samlingsliste vil ha ordføraren i Selje

Jan Vidar Smenes frå Tverrpolitisk Samlingsliste forventar at han tek over ordførarklubba i Selje etter Ottar Nygård frå same parti.

Jan Vidar Smenes

VIL BLI ORDFØRAR: Jan Vidar Smenes er ordførarkandidat for Tverrpolitisk Samlingsliste

Foto: Gunnhild Aardal / NRK

– Det er klart vi meiner det, når veljarane no har sagt sitt, seier ordførarkandidaten Jan Vidar Smenes.

Gunn Sande frå Senterpartiet har tidlegare sagt at ho håpar å overta som ordførar, men hadde då andre tall frå valet enn dei offisielle tala frå nrk.no.

– Dei siste tala vi har fått er at vi hamnar på 31,9 prosent og er klart det største partiet i Selje, seier ordførarkandidaten Jan Vidar Smenes.

– Kva seier du då til at Gunn Sande frå Senterpartiet håpar og trur at ho skal verte ordførar?

– Det er vel naturleg at ein ordførarkandidat ynskjer det, men det var vel sagt på ei tidspunkt då sande trudde ho hadde ein representant meir enn det tala syner i dag, seier Smenes.

Vil vere frampå

Tverrpolitisk Samlingsliste varslar at dei vil vere svært frampå i forhandlingane om ordførarvervet i Selje.

– Vi meiner at vi vil vere dei beste til å sitte i førarsetet i Selje, seier Smenes.

Sjølv er han heilt utan politisk røynsle, men syner til at den tverrpolitisk samlingslista har den største gruppa, og dei har mange med lang politisk fartstid.

– Vi fører vidare den stabiliteten som dei har synt i kommunestyret.

– Men utan røynsle i kommunepolitikken, korleis blir det?

– Det blir nok ei bratt læringskurve, men det har folk gjort før meg, og eg skal nok klare det eg og.

I løpet av ettermiddagen håpar dei å vere klar med resultatet frå forhandlingane om ordførarvervet i Selje.