Hopp til innhold

Tvangsselde Bremanger-obligasjonar

Bremanger kommune har fått tvangsselt over ein tredjedel av investeringane sine gjennom Terra.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Ordførar Kåre Olav Svarstad kjende ikkje til klausulen om tvangssal.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Iføljge na24avgjorde Citibank å kvitte seg med obligasjonane etter at verdien på dei sank til under det halve av den opphavelege investeringa. Obligasjonane hadde nemleg ein klausul om opna for tvangssal ved verdifall på rundt det halve.

For Bremanger kommune hadde obligasjonane ein kjøpsverdi på 97 millionar kroner. Det betyr at kommunen kan ha tapt nærare 50 millionar kroner.

Overraska ordførar

- Dette kom overraskande. Vi har heile tida fått signal om at dette var eit ufarleg produkt. Før konkursen i Terra Securities fekk vi forsikringar om at vi kunne sitje i ro i båten og vente. Det finst også skriv frå juristar og tilsette i Terra som forsikrar oss om at dette var eit produkt som ikkje kunne tvangsseljast, seier ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger.

Kor mykje tvangssalet kjem til å koste Bremanger har ikkje Svarstad oversikt over enno.

-  Vondt i magen

Det har derimot Haugesund kommune som reknar med at dei kan ha tapt så mykje som 125 millionar kroner på salet. Ordførar Petter Steen jr seier han har kjent til klausulen sidan i fjor haust.

- Eg har hatt vondt i magen og gått rundt og vore nervøs for at det kunne kome eit tvangssal, men dette er noko eg ikkje kunne seie høgt.

Også Rana kommune sine obligasjonar er tvangsselde. Dei inveserte 84 millionar kroner i obligasjonar, som no er selde til halv pris.