NRK Meny
Normal

Storsatsing i Stryn: TV3 lagar kjendis-tv til fleire millionar

Stryn kommune blir arena for reality-fjernsyn i beste sendetid på TV3. 12 idrettsheltar skal delta i «Råskap».

skåla

PERLE: Skåla, 1843 moh., blir truleg ein av stadane som blir opptaksstad for «Råskap».

Foto: Lyngve Skrede

– Stryn kommune er godt kjend med planane, men eg vil ikkje kommentere det på noverande tidspunkt på grunn av avtaler med produksjonsselskapet, seier ein ordknapp Sven Flo, ordførar i Stryn kommune.

Han kan likevel boble av stille glede, for satsinga til TV3 er noko andre kommunar kan misunne ordføraren.

Eit produksjonsselskap skal spele inn 10 program frå Stryn kommune med 12 norske idrettsheltar i eit reality/sport-konsept som skal sendast i beste sendetid på TV3 – søndagar klokka 20.00.

Hengjebrua

VIA FERRATA: Truleg må dei 12 idrettsheltane ta seg gjennom Via Ferrata i tv-serien.

Foto: Jan Heggheim

– Dette er veldig kjekt, seier direktør Richard Grov på Hotel Alexandra i Loen. Vi meiner sjølvsagt at vi har veldig mykje å vise fram her i Nordfjord, og vi er ikkje ukjende med å bruke naturen som ramme, denne storslegne naturen som turistar har reist hit i 150 år for å sjå.

– Så no kryssar de vel fingrar for at det skal bli fint vêr under opptaka?

– Det er ikkje sikkert det er fint vêr dei ønskjer. Arbeidstittelen er Råskap, og råskap og fint vêr heng ikkje alltid så godt i hop. Men for oss er det sjølvsagt ikkje negativt om det blir fint vêr.

Budsjett på 13 millionar

Budsjettet for produksjonen er på 13 millionar kroner, og 49 personar vil jobbe under opptaka, står det i søknadspapira til fylkeskommunen.

  • Les også:

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har løyvd 50 000 kroner til TV3 si storsatsing. Stryn kommune gir det firedoble.

– Kommunen har løyvd 200 000 kroner til satsinga og er med det største bidragsytaren, seier Flo.

Vil legge att ein million kroner

Det var før helga kommunen løyvde pengane, og hemmeleghaldet rundt planane har vore så strengt at ein hasteparagraf vart brukt for å gjennomføre løyvinga.

Stryn Sommarski

STRYN SOMMARSKI: Reisemål Stryn og Nordfjord vil vise fram Stryn kommune som ein plass for Råskap.

Foto: NRK

Ifølgje søknadspapira til fylkeskommunen skal opptak gjerast mellom anna på Stryn Sommarski, Via Ferrata Loen, Skåla, Lodalen, Oldedalen og Briksdalen.

Det er sett opp 20 opptaksdagar, og ifølgje Reisemål Stryn og Nordfjord vil dette innebere 1100 overnattingar, og produksjonen legg att rundt ein million kroner i Stryn.

Men direktør Richard Grov på Hotel Alexandra legg ikkje så stor vekt på kva produksjonen legg att i kroner og øre.

– Dette er ei investering i framtidige inntekter. Vi er glade for at vi viser igjen ute i landet og ute i verda. Det er det som trekkjer gjester ein gong i framtida.

Richard Grov

– INVESTERING FOR FRAMTIDA: Hotelldirektør Richard Grov.

Fylkeskommunen har godkjent søknaden til Reisemål Stryn og Nordfjord.

I TV3 ønskjer svarer pressesjef Line Vee Hanum følgjande på spørsmål om prosjektet i Stryn:

– Vi ønskjer verken å stadfeste eller avkrefte planane akkurat no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.