Hopp til innhold

TV2: - Veronica døydde truleg av drukning

Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) døydde truleg av drukning. Det melder TV2 seint måndag kveld.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

TRULEG DRUKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet. Folk har lagt ned roser nede ved vatnet mot Barsnesfjorden, der Veronica vart funnen fredag ettermiddag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Den førebelse rettsmedisinske rapporten syner at ho ikkje mista livet på grunn av skytevåpen eller kniv, melder TV2.

Ifølgje TV2 skal det vere funne merker på kroppen som skal ha kome etter at ho kan ha støytt mot steinar eller andre gjenstandar i vatnet. Ho skal ha blitt funnen fullt påkledd, men kroppen ber preg av å ha lege lenge i vatnet.

22-åringen vart fredag funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal. Kvinna vart sist sett i live om føremiddagen laurdag 25. oktober, og meldt sakna tre dagar seinare då ho ikkje møtte til eit møte.

Prøver å finne årsaka

Sidan har store styrkar søkt etter Heggheim Stegegjerdet både i terrenget, langs Årøyelva og i Barsnesfjorden. Fredag fann ein turgåar kvinna død i Barsnesfjorden, kring ein kilometer frå heimen hennar.

Politiet jobbar no med å finne ut kvifor Veronica Heggheim Stegegjerdet drukna. Seinast måndag ettermiddag etterlyste dei ein turgåar som gjekk saman med ein hund ved Årøyelva i 18.30-tida same dagen som Heggheim Stegegjerdet vart sist sett.

Kan ikkje stadfeste

Fungerande regionlensmann Asle Karoliussen seier til NRK tysdag morgon at han verken kan stadfeste eller avkrefte opplysningane frå TV2.

– Eg har ikkje kunnskap om kva som står i rapporten. Då eg reiste frå Sogndal i går kveld var det ingen i vår gruppe som har kjennskap til kva som står i rapporten.

Karoliussen seier også at han ikkje er orientert muntleg om innhaldet i rapporten.

– Det vart sagt i går at vi kan vente å få rapporten i dag. Det er det siste vi har høyrt. Det gjenstår å sjå, men eg har håpar vi får han i dag, og såleis kan seie noko i løpet av ettermiddagen, seier Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu