NRK Meny
Normal

TV-båten er til sals

Du såg den første gong på TV i «Oppdrag Sognefjorden». I 2013 var den kulisse i« Oppdrag Nord-Norge». No er «Fjord Visjon» lagt ut for sal.

fjord vision

6 MILLIONAR: «Fjord Visjon» har husa kjendisar som Kari Traa, Lasse Kjus og kronprins Haakon. No kan båten bli din for seks millionar kroner.

Foto: Flash Studio / NRK

– Eg vil teste marknaden, seier kaptein og eigar Mads Bækkelund.

I seks år har han eigd det han kallar verdas minste cruisebåt. Ei ombygd bilferje, i si tid bygt for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. No med plass til 90 personar og 30 senger.

Vil helst ha ein partnar

Fjord Visjon

FLYTANDE TV-HOTELL: I to kjendisreality-seriar har deltakarane blitt transportert i, og budd om bord i «Fjord Visjon».

Foto: privat

Båten har vore nytta som base i to NRK-sende TV-seriar der kjende sportsutøvarar har fått ulike ekstremsportoppdrag. No tel Bækkelund på knappane om han skal halde fram som eigar.

– Eg forsøker å finne strategiske løysingar for framtida. Eg vurderer å ta inn partnarar, selje, eller selje og leige tilbake båten.

Aller helst ønskjer han seg ein kompanjong.

– Ein med reiselivsbakgrunn og interesse for frisk sport og toppturar. Men alt har si tid. Eg begynner å kjenne at det tar på, seier den profilerte kapteinen som er frustrert over det han kallar firkanta byråkrati, vanskelege hamnevesen og motstand

(Artikkelen held fram under biletet.)

Mads Bækkelund

– KREVJANDE: Etter seks år som kaptein og eigar vurderer Mads Bækkelund framtida for «Fjord Visjon».

Foto: privat

Inga gullgruve

I fjor sommar låg han i advokatstrid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Bækkelund leverte lågaste anbod, men fekk likevel ikkje drive sommarruta på Fjærlandsfjorden i Sogn.

Tidlegare i veka la han det drygt 25 meter lange fartøyet frå 1958 ut på marknadsplassen Finn. Prisantyding: Seks millionar kroner.

– Den har vore på Finn i fire-fem dagar. Førebels har ikkje responsen vore så stor, vedgår Bækkelund.

Han avviser at dårleg økonomi tvingar fram eit sal.

– Nei, dette er ingen økonomisk suksess. Men det kan bli det. Eg har mange fine oppdrag og har økonomi til å halde fram.

(Artikkelen held fram under biletet.)

MS Fjord Visjon

VAR EIN AV TRE: «Fjord Visjon» vart sjøsett som «Vågsøy» i 1958, og var eit av tre søsterskip bygt på tidlegare Løland verft i Hyllestad (No Havyard). Alle tre eksisterer enno. «Hennøy» er i Karibia, «Tansøy» er dykkarbåt i Bergen. Berre «Fjord Visjon» er bygt om frå bilferje.

Foto: NRK/ Flash Studios

Skal gå i sommarrute på Sognefjorden

Ifølgje Bækkelund skal båten truleg figurere i nye TV-seriar. Nett no er kapteinen på to månaders cruise med «Fjord Visjon» ved Lyngsalpane Nord for Tromsø.

Andre veka i mai skal han vere tilbake langs Sognefjorden der Bækkelund i seinare tid har hatt sin base store deler av året. Det er planen, uavhengig av kva som på lang sikt skjer med båten.

– Vi kjem til å gå i faste ruter på Sognefjorden i sommar. Då går vi i rute mellom bygdene Aurland, Flåm, Gudvangen, Fresvik og Sogndal fram til 31. august, garanterer Bækkelund.

Her kan du sjå «Fjord Visjon» i TV-serien «Oppdrag Nord-Norge». «Oppdrag Sognefjorden» er ikkje lenger tilgjengeleg i nett-TV.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser