NRK Meny
Normal

Beste resultat på mange år

Seint søndag kveld er tala for Sogn og Fjordane ikkje heilt klare. Men det er klart at resultatet er betre enn på mange år.

Aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane har i år satsa tøffare mot å få verksemder til å opne lommeboka.

KAN JUBLE: Aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane kan juble i kveld. Oppteljinga er ikkje ferdig, men allereie er det klart at resultatet er det beste på mange år.

Foto: Gro Ravnestad

– Tala så langt er fantastiske. Vi nærmar oss 5,8 millionar totalt, og nokre tal er enno ikkje lagt til. Det er ein fantastisk auke, både frå i fjor og dei siste åra, seier Kristin Sandal.

Det er det høgaste talet i Sogn og Fjordane sidan 2010, og kanskje endå lenger tilbake. For Sandal er det kjekt å vere fylkesaksjonsleiar i kveld.

– Det følast heilt fantastisk. Både den store givargleda, og at vi klarar å mobilisere så mange frivillige som har vore i sving som bøsseberarar og på forskjellige arrangement.

Mange går opp, nesten ingen ned

TV-aksjonen går i år til Kirkens Nødhjelp, og deira arbeid med å skaffe fleire folk reint vatn. Målsettinga er at ein million menneske i Sudan, Sør-Sudan, Tanzania, Etiopia, Somalia, Afghanistan, Pakistan og Haiti, skal få tilgang på reint vatn etter aksjonen.

– Det er eit tema og ei problemstilling alle klarar å relatere seg til. Vatn er eit veldig konkret tema, seier Sandal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Noen glimt fra TV-aksjonen

Men også mobiliseringa i forkant får ein del av æra når ho skal forklare det gode resultatet i Sogn og Fjordane.

– Bøssebeløpa aukar mykje. Vi har klart å mobilisere bra og skape eit engasjement. Førde har auka med nesten 75.000 på bøssene sine, og det er eit fantastisk tal. Gloppen har auka med 67.000, noko som også er stort.

Like glad er ho for at ingen kjem spesielt dårleg ut på andre sida.

– Dei som har gått ned, har gått ned veldig lite. Det er veldig gledeleg. Totalt sett har alle kommunane gjort ein veldig god jobb, og klart å få inn veldig mykje pengar.

Mykje meir frå næringslivet

Eit klart mål før aksjonen i dag var å få næringslivet til å bidra. Det lukkast.

Seint søndag kveld var oppteljinga ikkje ferdig. Men det hadde kome inn 744.000 kroner, mot 122.000 tusen i fjor.

– Vi har auka betrakteleg. Når vi utfordrar næringslivet, og spør dei, er dei veldig velvillige og ønsker gjerne å vere med, seier fylkesleiar Sandal.

– Vi ser og at vi har klart å engasjere veldig mykje næringsliv, bedrifter og lag og organisasjonar. Det kjem ein stor sum frå dei som vi ikkje har hatt dei tidlegare åra, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser