NRK Meny
Normal

Tusenvis viste støtte i fakkeltog

Fleire tusen menneske har i kveld gått i fakkel- og blomstertog i Sogn og Fjordane for å minnast dei som blei drepne i terroraksjonen i Oslo.

I Stryn samla eit folkehav seg for å vise si motstand mot terror, for det har vore mørke dagar i kommunen sidan angrepa som råka Norge fredag. Hanne Kristine Fridtun (20) er framleis sakna etter massakren på Utøya.

Over heile landet har det vore markeringar etter at minst 68 menneske blei drepne på AUF sin ungdomsleir på Utøya og åtte i bombeangrepet i Oslo.

Måndag kveld samla folket i Stryn seg i ei markering mot terrorangrepa. I regnet gjekk dei i fakkeltog side om side, mange med tårer i augene.

– Vi har det veldig tøft

Inge Sveen

PREGA AUF-LEIAR: Inge Sveen heldt tale i Stryn.

Foto: Arne Vik

Over 1000 personar hadde møtt fram for å vise medkjensle og omtanke. Leiar Stryn AUF, Inge Sveen, seier det var godt å sjå at så mange var med. Han var sterkt prega då han heldt tale i dag.

– Vi har det veldig tøft akkurat no. Der var tøft å snakke om Hanne i talen min, for vi er sterkt knytt til kvarandre. Det var ei flott markering i kveld og det er viktig at vi minnast dei som har blitt råka, seier han.

I Sogn og Fjordane markerte alle dei 26 kommunane eitt minutts stille klokka 12 og det har blitt lagt ut kondolanseprotokoll. I tillegg har det vore mange arrangement i kveld.

Viste omsorg og omtanke

Fakkeltog i Førde

BLOMAR OG LYS: Etter fakkeltoget i Førde var det mange som la ned blomar og tende lys.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

I Førde gjekk om lag 2000 menneske i det stille toget for å markere si støtte. Fakkeltoget gjekk frå Førdehuset til Langebrutorget der det blei halde appellar. Leiar i Førde Ap, Johan Kjørstad, seier det er rørande at så mange viste omtanke og omsorg.

– Det var fint å vere samla i denne tunge tida, seier han

Spontan markering

I Måløy var det mellom 250 og 300 personar som deltok i markeringa. I Balestrand var det om lag 140 menneske til stades, i Årdal 400-500 og på Sandane var det vel 700.

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, seier at mange møtte opp på den spontane markeringa på Sandane.

– Dei ville markere sympati og medkjensle med dei som blei ramma av ei stor tragedie. Dei var ei voldsom oppleving det som skjedde på Utøya og i Oslo på fredag.

Mange unge møtte opp

Fakkeltog i Førde

SAMAN I SORGA: Mange tusen har i dag vist støtte og sympati med ofra frå terrorangrepa.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, seier at dei i fellesskap fekk markere dei forferdeleg hendingane som har vore i Oslo.

– Eg trur det var om lag 3000 personar som hadde møtt opp for å vise at vi står saman mot terror og vald. Det var også mange unge som hadde møtt opp. Det var fint å sjå. Vi er så glade for alle ungdommane vi har, spesielt i desse tider. Det er sterkt å sjå at vi har eit slikt fellesskap, seier ho.

Har du bilete frå markeringa i din kommune? Send dei gjerne til oss sf@nrk.no.

– Gater fylte av kjærleik

I Oslo var så mange som hadde møtt fram på Rådhusplassen at rosetoget blei avlyst. Heile 150 000 personar kom for å vise støtte og sympati. Det blei halde appellar av mellom anna statsminister Jens Stoltenberg, AUF-leiar Eskil Pedersen og kronprins Haakon.

– I kveld er gatene fylte av kjærleik. Vi har valt å forsvare det grusomme med nærleik. Vi har valt å møte hat med samhald. Vi har valt å vise kva vi står for. Norge er eit land i sorg. Vi tenkjer på alle som har lidd tap, som saknar, og alle som gjorde ein heroisk innsats, sa kronprins Haakon til den store folkemengda.

Rosetog i Oslo

ROSER: I Oslo var om lag 150 000 personar samla.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå