Hopp til innhold

Tusenvis i Vågsøy utan samband

Folk i Vågsøy er måndag føremiddag utan kommunikasjon med omverda. Etter uvêret sine herjingar er kommunen utan straum og internett, og det både fasttelefonar og mobiltelefonar er utan dekning.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

UTAN STRAUM: Fleire tusen i fylket er utan straum, og det kan ta lang tid før alle får den tilbake. Biletet er frå Stryn.

Då NRK snakkar med ordførar Morten Hagen like før klokka 11 måndag føremiddag er han på båten MS Frøyanes. Satellittelefonen på båten er den einaste forma for kommunikasjon i heile kommunen.

Situasjonen er kritisk, men Hagen seier dei så langt ikkje kjenner til alvorlege episodar.

– Så vidt vi veit har det ikkje vore akuttmedisinske tilfelle så langt. Vi håpar at det heller ikkje har skjedd noko som vi ikkje kjenner til. Men i og med at folk ikkje har høve til å ta kontakt via telefon, så kan vi ikkje vere sikre, seier Hagen til NRK.no.

Må møte opp fysisk for å få hjelp

Vågsøy er kanskje den kommunen i Sogn og Fjordane som er hardast råka etter uvêret i forhold til kommunikasjon. Det manglar både straum og internett, og alt av mobiltelefonar og fasttelefonar er utan dekning.

Dersom folk treng hjelp må dei fysisk ta kontakt med kriseleiinga i kommunen.

– Folk kan møte opp på anten brannstasjonen eller rådhuset, så kan vi få sendt ut folk dit det trengt. Vi har også høve til å kontakte anna hjelp via satellittelefonen på MS Frøyanes, seier ordføraren.

Etter at ekstremvêret Dagmar har fått herja frå seg, er det meldt om store skader over heile fylket. Fleire tusen er utan straum, og det kan ta fleire dagar før alle i fylket får straumen igjen.

– Vi leitar intenst etter å finne feilen i hovudnettet. 132 kilovolten ligg til dels langt frå bilveg og når det lysnar skal vi inn med helikopter, seier nettdirektør Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Får ikkje meldt frå om øydeleggingar

I Vågsøy har kommunen så langt ikkje fått melding om dei heilt store skadane. Men dette kan fort endre seg. Det kan vere store øydeleggingar ute i dei små bygdene utan at folk til no har fått meldt frå om dette.

Kommunen oppretta i går kveld ei eiga kriseleiing med base på rådhuset. Her er brannvesen, politi og ambulanse samla og i tillegg har kommunen gjort det dei kan for at til dømes helseinstitusjonane har det dei treng.

– Vi har oppretta kommunikasjon med til dømes omsorgsbustadane og heimesjukepleien via bærbare samband. Frå klokka 13–15 vil vi dele ut gass og andre forsyningar på Verlo, og vi jobbar også med å få på plass aggregat på institusjonar som er heilt avhengige av straum, seier Hagen.

Like før klokka 11 fekk kommunen tilbakemelding om at straumen kunne vere tilbake innan ein halvtime. Men ved 11.30 tida var det framleis straumlaust i kommunen.