Hopp til innhold

Tusenvis av lærarar kan bli avskilta

Utdanningsforbundet rasar over ei endring som kan føre til at tusenvis av lærarar mister retten til å undervise. Nedverdigande, meiner forbundet.

Steinar Strømsli

FRUSTRERT: Endringa i kompetansekrav for lærarar blir oppfatta som avskilting, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Siste ord i denne saka er ikkje sagt, seier Steinar Strømsli som er fylkesleiar i Utdanningsforbundet.

Regjeringa har endra kompetansekrava for lærarar, slik at dei som ikkje har utdanning i eit fag ikkje får undervise i det, sjølv om dei kanskje har gjort nettopp det i tiår. Dette får Strømsli til å steile.

– Avskilting av erfarne lærarar

Krava til kompetanse i seg sjølv er ikkje nye. Det som er nytt er at det vil ha tilbakeverkande kraft, altså at krava også vil gjelde dei som allereie er i arbeid som lærarar. Strømsli seier endringane vil få store konsekvensar.

– Konsekvensane kan vere at erfarne lærarar som har jobba og undervist lenge i eitt fag, dei er no blitt avskilta og er ikkje lenger kompetente til å undervise i faget, ifølgje lovverket, seier Strømsli, og viser til eit døme:

– Ein lærar som har undervist i 15–20 år i matematikk, som kanskje har 30–45 studiepoeng og lang realkompetanse, får ikkje lenger lov til å undervise i det faget, sjølv om det kanskje er den beste mattelæraren på skulen.

Meiner lærarane er rause

Endringa har vore kjend i lenger tid, og sidan 2011 har Utdanningsforbundet og KS samarbeidd med staten om eit etter- og vidareutdanningsprogram. Det er likevel ikkje godt nok, meiner Strømsli.

– Ein må sjå på forskjellen på å ha ei frivillig etterutdanningsordning og kravet om å bli avskilta som lærar som no ligg føre. Ein lærar som tek etter- og vidareutdanning i eitt halvt år må bidra med 60.000-70.000 kroner. Då vil eg seie at det er læraren som er raus, seier Strømsli.

Vil gjere alt dei kan

Han meiner at arbeidsgjevar i større grad bør ta ansvar for å ha tilstrekkeleg kompetanse blant dei tilsette. At nokre kallar lærarar for sutrete i denne saka, tek han sterk avstand frå.

– Når lærarane bidrar med fleire titals tusen for eit halvt års studium, då kan han ikkje seie at det er ei raus ordning for lærarane. Eg kjenner ingen andre yrkesgruppe der arbeidsgjevar ikkje tek det heile og fulle ansvar for at kompetansen er på plass i bedrifta.

Utdanningsforbundet skal no jobbe mot endringa, ved å få ei anna rekkjefølgje og ein lenger tidshorisont i det Strømsli kallar eit reformarbeid.

– Vi vil gjere alt vi kan slik at lærarar som i dag er fullt ut kvalifiserte ikkje skal risikere å bli avskilta på ein så nedverdigande måte.