NRK Meny
Normal

Tusenvis av asylsøkjarar rømmer frå mottak

JØLSTER (NRK): Asylmottak over heile landet merkar no ein auke i talet på asylsøkjarar som plutseleg er vekke. Stadig fleire blir sende ut, og panikken spreier seg hos resten.

Oddvar Årdal på mottaket på Skei

FORTVILA: Mottaksleiar på Skei statlege mottak, Oddvar Årdal, har opplevd mange forsvinningar på sitt mottak, og situasjonen gjer han fortvila.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har ei nattevakt som tek ei runde i løpet av natta. Det er då vi ser at nokon har forsvunne. Det seier mottaksleiar ved Skei mottak i Jølster kommune, Oddvar Årdal.

På mottaket hans har mange asylsøkjarar forsvunne dei siste vekene. Det er berre dagar sidan to nye forsvann. Årdal veit ikkje kvar dei er.

– Men vi har høyrt at ein del av dei har reist til Frankrike. Der bur dei på gata, og dei sel narkotika, kroppen sin og det dei elles kan gjere for å overleve.

Laster innhold, vennligst vent..

Kjelde: UDI

For dei som sit att på mottaket har kvardagen blitt krevjande den siste tida.

– Vi opplever sjølvskading, truslar om sjølvmord, og generelt mykje depresjon og trøyttleik blant dei som bur her. Det er ei nedtrykt stemning både blant dei som bur her og dei som jobbar her no.

– Eg blir veldig lei meg

HusseinHassan fiksar sykkel

VENTAR OG VENTAR: Hussein Hassan fortel at at er lei av å vente på å få innvilga asylsøknaden sin, og at livet på asylmottak for tida ikkje er så kjekt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Hussein Hassan i Førde er ein av dei som blir nedtrykt av å vente på svar på asylsøknaden sin. Han har venta i eitt og eit halv år no.

– Eg sit berre heime og ventar og ventar. Eg blir veldig lei meg av å vente så mykje og ikkje få svar, seier Hassan.

Han har ingen planar om å stikke av frå asylmottaket han bur på, men seier seg einig i at stemninga blant asylsøkjarar no er dårleg.

Laster innhold, vennligst vent..

Kjelde: UDI

Tusenvis av forsvinningar

Utlendingsdirektoratet fortel at dei er klar over at forsvinningar frå asylmottak er eit problem, og dei stadfestar at det skjer stadig oftare.

– Dei siste månadene er det nok snakk om fleire tusen som har forsvunne frå asylmottak totalt, men nokon av dei kjem jo tilbake etter kvart, seier assisterande direktør i UDI, Birgitte Lange.

Birgitte Lange

TEK DET PÅ ALVOR: Assisterande direktør i UDI, Birgitte Lange, seier at dei tek det svært alvorleg at mange asylsøkjarar no forsvinn frå norske mottak.

Foto: Nora Lie/UDI / UDI

Ho seier at det er ei utvikling UDI ikkje likar.

– Vi tek det veldig alvorleg, og vi er bekymra for den situasjonen asylsøkjarane er i. Vi varslar også alltid politiet når nokon forsvinn på denne måten.

Oddvar Årdal på Skei mottak

TRIST OG TUNGT: Mottaksleiar Oddvar Årdal skildrar stemninga på asylmottaket no som trist og tung, både blant dei tilsette og dei som bur der.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dei går under jorda

Mottaksleiaren på Skei har ikkje kontroll på kvar dei forsvunne har teke turen, men han har likevel fått eit klart inntrykk av at dei ikkje har det noko lett.

– Dei lever under jorda, dei blir skrivne ut av samfunnet, og kan ikkje fungere normalt. Dei er heilt på eiga hand, seier Årdal.

Og det er dei klar over når dei fer?

– Ja, og det seier vel litt om kor desperate dei er. At ungar vel å ta det valet.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast