Kommentar

– Tusen takk, Sogn og Fjordane

Torsdag 3. mai var ein slik dag eg vart verkeleg stolt over folket i Sogn og Fjordane, for ein innsats og for eit engasjement!

Ungar i Vevring har plukka plast

FLINKE UNGAR: Elevane i 1.-4. klasse ved Vevring skule rydda stranda i Redalen og på Gryta. Det blei 12 sekker boss på 1,5 time!

Eg er ofte stolt av bygdene og byane våre, som når eg ser vakre bileta frå Sognefjorden eller Stadlandet. Eller høyrer om den vesle bedrifta som klorar seg fast og leverer i verdsklasse mot alle odds.

Men oftast kjenner eg ein varm klump i halsen når dugnadsånda, viljen og evna slår til i full bløming. På TV følgde vi blant anna folket i Hoddevika som i årevis har rydda strendene, sortert plast og finn glede i gjenbruk. Snakk om å ta ansvar!

Eg blir inderleg glad når eg høyrer Daniel og Adrian i Solund Barnehage plukke plast og fortelje engasjert om kor viktig det at sjøfuglen ikkje et plasten.

Eller bonden i Lærdal som tek seg ei runde og plukkar litt innimellom lamminga, og elevane på Slåtten Skule i Førde som vart forundra over alt dei fann i vegkanten der dei rydda.

Sjølv såg eg imponert på korleis ei kvinne i nabolaget mitt på Hundvebakke i Førde kom slepande på ein stor sekk med rusk, og i dag tidleg på veg til jobb såg eg den store dungen som Kletten Grendalag hadde samla inn.

Det kjekkaste er at desse døma berre er nokre få av alle dei ryddeaksjonane som var over heile Sogn og Fjordane og heile landet i går.

Berre vi i NRK Sogn og Fjordane registrerte 124 ryddeaksjonar i går. Det er alt frå små venegjengar til store bedrifter og skular som deltok. Kor mange tusen som faktisk var ute og rydda er vanskeleg å slå fast.

Og truleg var dette berre litt av alt som vart gjort, for mange registerte nok ikkje sine aksjonar. For det er jo ryddinga som er viktig, ikkje registreringa.

Eg vil difor seie tusen hjarteleg takk Sogn og Fjordane.

Takk til kommunar, bedrifter, skular og barnehagar som kasta seg på. Takk til renovasjonsselskap som prøvde så godt dei kunne å legge til rette for å kunne ta i mot det som vart plukka.

Men mest av alt, takk til deg som tok den vesle runda innom grøfta på veg heim frå jobb. Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt, og er vi mange nok blir det ganske mykje.

La oss lære litt av alt vi fann i vegkantane og langs strendene våre, som samfunn klarar vi betre enn dette her i åra framover!

La oss bruke kunnskap, pengar og vilje på å finne måtar å løyse plastproblema på. Kanskje kan det vere våre bedrifter som tener pengar på dei problema heile verda treng å løyse?

Og la oss bli samde om å gjere det same neste år! Eg stiller i alle fall med hanskar og godt humør. For det er kjekt å gjere noko nyttig i lag.

Takk for taket, det var triveleg.