NRK Meny

Tusen sekkar med hjelp til Romania

– Eg føler med litt som ein julenisse, for ungane i Romania gler seg enorm til eg kjem. Jan Helge Sellevoll er no på veg til Romania med ein trailer full av hjelp. Den turen har han teke mange gonger sidan 1991.

Lastebil med hjelp
Foto: Henning Juklestad

Artikkelen er flere år gammel.

Vanlegvis er traileren til Jan Helge Sellevoll fylt av varer til Lerum, men søndag ettermiddag køyrde han om bord i danskebåten med ein smekkfull hengar med sko, kle og leikar til born i Romania. Sellevoll skal legge bak seg 300 mil frå Førde til Romania, og reknar med å vere framme komande torsdag.

Har med 1000 sekker med utstyr

Det har ikkje vore vanskeleg for Jan Helge Sellevoll og Romaniahjelpen Vestlandet å få fylt opp traileren med utstyr. No ligg det 1000 sekker bak i hengaren, med hjelp frå folk og butikkar i heile Sogn og Fjordane.

Lastebil med hjelp

Tusen sekker: Traileren til Jan Helge Sellevoll er full av hjelp

Foto: Henning Juklestad

– Eg fekk rett og slett ikkje plass til alt i bilen, men resten av utstyret er trygt lagra til neste tur, fortel 53 åringen. Blant leikar og kle ligg det og 80 sekker med sko frå Dale skofabrikk og ein palle med sylte frå Lerum.

Og at utstyret kjem godt med, det kan Jan Helge Sellevoll skrive under på. I dei store byane kan det sjå bra ut, men ein skal ikkje reise langt ut på landsbygda før fattigdomen er svært synleg.

– Det er rett og slett trasigt å sjå korleis folk bur og lever. Noko har vorte betre sidan eg var her første gong i 1991, men framleis er det stort behov for hjelp.

Trailersjåføren, som til dagleg jobbar for Lerum, skal blant anna innom fleire barneheimar. Der blir han teken imot som julenissen på julaftan. Nokre av ungane er han også etter kvart blitt godt kjend med, og dei gler seg enormt til å sjå han igjen.

Den første turen var den tøffaste

Etter rundt femten turar med hjelp til Romania, har Jan Helge Sellevoll etter kvart blitt " herda", som han seier sjølv. Men den første turen til det fattige landet var tøff for karen frå Hyllestad.

– Det var heilt forferdeleg enkelte plassar, ja det var skikkeleg trasig i heile landet. Viss ungane i Norge hadde sett kor forholda er for jamaldringane i Romania, trur eg ikkje dei hadde klaga om dei ikkje fekk ein is.

Sellevoll skal dele ut hjelp fleire plassar i Romania, men han er mest spent på kva som ventar han oppe i fjella. Der bur nemleg fleire familiar i jordholer med nokre plankeskur på framsida.

Når traileren er tom skal Jan Helge Sellevoll ha nokre dagar fri før han reiser til Polen. Der skal han fylle opp hengaren med bær som skal til Lerum sitt anlegg på Kaupanger. Sellevoll reknar med å vere tilbake i fylket 1. påskedag.

Men det blir sikkert ikkje siste tur til Romania for sogningen. Borna i Romania dei treng nemleg hjelp også i åra framover.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.