Hopp til innhold

Målte over tusen lyn-nedslag over Sogn og Fjordane

Sintef Energi målte i overkant av tusen lynnedslag i Sogn og Fjordane i løpet av torsdag ettermiddag. Og meir kan det bli.

Lyn-kart over Sogn og Fjordane

HER LYNA DET: SINTEF registrerer alle lynnedslag, og her er kartet deira over Sogn og Fjordane for i går.

Foto: Kart / SINTEF

– I inste delen av Nordfjord var det ein del aktivitet, vi har registrert 450–500 nedslag i løpet av gårsdagen, seier Frank Dahlslett, som er forskar hjå SINTEF Energi.

Også området midt på Sognefjorden merka godt til både lyn og tore i går.

– Her har vi også registrert om lag 500 lynnedslag. Nedslagsområdet strekte seg frå litt aust for Bergen, nordover og litt austover til Førde og vidare nordover, seier Dahlslett.

Her var det eit lite opphald, før indre delen av Nordfjord fekk sin del av lynnedslag.

Vi kan vente oss meir

Men sjølv om tusen nedslag kan høyrast mykje ut, så er det slett ikkje det.

– Nei, dette er som normalt å rekne. Vi har nesten ikkje hatt lynaktivitet i sommar sidan det har vore så kaldt og mykje regn. Vi har opplevd ti gonger så mykje lynaktivitet på eitt døgn, så dette er ikkje mykje, seier Dahlslett.

Han trur det er god sjanse for å få oppleve meir lyn dei næraste dagane.

– Det ligg til rette for det med den varmen og luftfuktigheita vi har no, seier Dahlslett.

Naturleg når vêret er varmt

Lynaktiviteten var merkbar ikkje berre i Norge, men i heile Skandinavia.

– Det var stor aktivitet over Skandinavia. I den sørlege delen er det registrert 13600 nedslag, hovudsakleg over Sverige, litt over Danmark og så Norge, seier Dahlslett.

At det kom lyn i går, var heilt som venta, og meldt.

– Det er ganske naturleg, i og med at det har vore godt og varmt i denne landsdelen dei siste dagane. Det varmar opp bakken, samtidig som det har vore høg fukt, seier Dahlslett.

Kombinasjonen varm luft og høg fukt, samtidig som det er vertikal rørsle i lufta, då vert det lyn.

Jobba på spreng for å få tilbake straumen

– Det starta litt tidlegare på kvelden med ein del utfall i indre Nordfjorden. Det var der vi hadde det heftigaste torevêret. Det fall ut ei linje som forsyner området i Hornindal, seier avdelingsleiar for driftsavdelinga i SFE nett, Ståle Austrheim.

Ved å kople inn att linja, så fekk dei tilbake straumforsyninga til området.

Litt seinare, klokka 22.15, kom det eit større toreskrell, og då vart det eit meir direkte treff som skadde trafostasjonane, både på Sandane sekundærstasjon og Bø sekundærstasjon i Stryn.

– Der fekk vi kraftig røykutvikling, så det gjekk ei stund før vi fekk oversikt over skadeomfanget. Vi måtte også ta omkoplinga i nettet, slik at vi klarte å gjenopprette forsyninga med underliggjande nett, slik at vi fekk oversikt over sjølve skaden i trafostasjonen, seier Austrheim.

Sjeldan dei ser så store skadar

På Sandane klarte dei å gjenopprette forsyninga på normalt vis om lag klokka 23.30. For sekundærstasjonen i Bø var klokka nærare 03.30 før straumforsyninga var tilbake til normalen.

– Det var krevjande både fordi vi hadde røykutvikling, og dermed kunne vi ikkje sende folk inn i anlegget. Deretter måtte vi kople frå dei skadde delane, seier Austrheim.

I tillegg hadde dei ei ekstra utfordring fordi ei linje som mellom anna forsyner Hornindal med straum, låg ute på grunn av Statnett sitt arbeid nær ved den linja.

– Det er sjeldan at vi har så store skadar inn i trafostasjonane, så det var ekstraordinært for oss med den typen skadar, seier Austrheim.

Han legg til at det framleis står att ein del arbeid for å få reparert alt som vart skadd i lynnedslaga.

– Vi hadde folk ute ganske kjapt for å prøve å gjenopprette forsyninga. Straumen er tilbake, men reparasjonane må vi ta litt etter litt, for der står det att litt, seier Austrheim.