Små tuer kan velte stort lass, men det kan og ei lita blå glasperle. For grunneigar Jan Jeppesen på Tansøy sine planar om hyttefelt kan bli dyre og tidkrevjande. Arkeologane har nemleg funne ei glasperle og ein eldstad der det er lagt planer for eit hyttefelt, skriv Firdaposten.
(Foto: Marit Anita Skrede, Sogn og Fjordane fylkeskommune)
Eldgamal perle
Det var i samband med å få godkjent reguleringsplanen for området at funnet vart gjort. Årsaka til at glasperla vekkjer interesse hjå arkeologane er at den er over 1000 år gamal, seier arkeolog Marit Anita Skrede ved kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Automatisk freda
Arkeologen ventar på svar frå andre prøver frå funn som er gjort i området. Men det er ikkje tvil om at området der perla og eldstaden vart funne, automatisk vert freda. Det betyr at Jeppesen må søkje Riksantikvaren for å få frigjort området. Men det kan koste både tid og pengar. Det betyr at planane truleg må skrinleggast.