Hopp til innhold

Turnustvil om legevakt

Ein turnuslege kan med jamne mellomrom få anvar for eit distrikt med 30.000 menneske i det nye legevaktsamarbeidet i Sunnfjord og ytre Sogn.

Hjertetrøbbel (Illustrasjonsfoto)

Illustrasjon

Foto: colourbox.no

No stiller turnuslegane spørsmål ved kvailieten på det nye opplegget, skriv Firda.

- Under tre månders erfaring

- Vi meiner legevaktsamarbeidet blir køyrd for raskt i gjennom og ber om at det vert utsett og utgreia meir, seier talsmann for turnuslegene, Stian Kreken Almeland.

I eit brev skriv dei at bortimot halvparten av året vil vaktene vil bli bemanna av legar med under tre månadars erfaring.

Meiner dei tek feil

Prosjektleiar i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, meiner turnuslegane tek feil. Han reagerer sterkt på utspelet.

- Turnuslegen har etter regelverket alltid rett på å ha ei bakvakt tilgjengeleg på telefon, så dette er ei mistyding, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

- Vanskeleg å få gjennomført noko

Han meiner at turnuslegane er vel kjende med saka etter møte dei har hatt.

- Eg trur ikkje det skuldast manglande kunnskap om regelverket.

- Men dei kan komme inn på vaktlistene?

- Ja, det kan dei. Då blir det ei vurdering som rettleiar i den enkelte kommune må ta saman med turnuslegen. Viss turnuslegen ikkje føler seg kompetent til å delta i samarbeidet, så ville det vere naturleg å ta det opp med den som skal rettleie dei.

- Det har vore ein del protestar på legevaktsamarbeidet?

- Det er synd at det det skal vere så vanskeleg å få gjennomført noko i dette fylket. Dette er rutine i halve landet.