Hopp til innhold

Turnuslegane framleis kritiske

Nyutdanna legar i Sogn og Fjordane rettar framleis flengande kritikk mot turnustenesta ved nærsjukehuset i Florø.

- Sjølv om Helse Førde har sett i verk tiltak, er det faglege opplegget så dårleg at heile tenesta i Florø må bli avvikla, seier turnuslegane i ein ny rapport.

Det har berre gått to månader sidan forrige gang Helse Førde fekk hard medfart frå turnuslegane. Ein kritisk rapport slo fast at nyutdanna legar i fylket ikkje fekk den opplæringa og hjelpa dei har krav på i turnustenesta. Mellom anna blei dei sette til å skrive rapportar i staden for å behandle pasientar.

Ser alvorleg på kritikken

Helse Førde har sett i gang eit arbeid for å betre opplegget, og på ein del område har turnustenesta blitt betre, viser ei ny evaluering.

- Men tiltaka ser ikkje ut til å ha hatt effekt ved nærsjukehuset i Florø, seier fylkeslege Petter Øgar, som ser alvorleg på kritikken frå turnuslegane.

Fagdirektør i Helse Førde, Bjarne Straume, seier han forstår kritikken, men viser til at ansvaret ligg hos helse- og sosialdirektoratet fordi dei har godkjent opplegget.

Vil ikkje til Eid og Lærdal

Øgar seier det også er svært alvorleg at ingen av dagens turnuslegar ved sjukehuset på Nordfjordeid og i Lærdal kan tenkje seg å jobba ved desse sjukehusa i framtida.

I ei undersøking svarar turnuslegane at forholda på desse sjukehusa blir for små. Personaldirektør Jan Birger Moe i Helse Førde seier det er vanskelegare no enn før å rekruttere legar til desse sjukehusa.