Hopp til innhold

Turnerer frå haldeplass til haldeplass

Medan enkelte drøymer om Royal Albert Hall, satsar artisten Daniel Kvammen på heilt andre arenaer når han no legg ut på Norgesturne.

Medan enkelte drøymer om Royal Albert Hall, satsar artisten Daniel Kvammen på heilt andre arenaer når han no legg ut på Norgesturne

– Eg likar å reise til små plassar og møte folk. Det hadde blitt litt kjedeleg om konsertane berre skulle vere på dei store plassane, seier Kvammen når NRK møter han på Nordfjordeid.

I løpet av turneen skal han konsert på 50 av Nettbuss sine 1341 busshaldeplassar. . Sidan turneen skjer med ekspressbuss, går også sjølve konsertane unna i ekspressfart. Tre-fire songar på kvar plass.

Anne Tangen, som møtte fram på Nordfjordeid, kjenner godt til Daniel Kvammen og musikken hans..

– Eg går på eldretrim, og der brukar vi musikken hans til å sykle til, seier Tangen.

Det får Kvammen til å bryte ut i latter.

– Er det sant? Det er vel berre bra det, eg er for god helse i alle aldrar eg. Så dette høyrest heilt killer ut, tykkjer eg.

– Eg har aldri vore på Nordfjordeid før, så det er kjekt at det kjem litt folk, ler Kvammen, medan han gjer seg klar til den 11. av 50 konsertar.