NRK Meny

Turistveg til Tverrfjellet (1495 moh.) møter motstand

– For meg verkar det heile noko meiningslaust, seier Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag.

Tverrfjellet

UTSYN: Dette er utsynet frå Tverrfjellet, vestover Kjøsnesfjorden. I den andre retninga byr utsynet på breplatået på Jostedalsbreen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ordførar og næringsliv i Jølster har starta innsamlinga av pengar for å bygge tunnel opp til Tverrfjellet ved Jostedalsbreen.

På andre sida av brekappa, i Jostedalen, har Steinar Bruheim tatt turistar med på tur i 30 år. Han er ikkje entusiastisk over planane.

Steinar Bruheim

– KLAKEGG BOMMAR: Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg har ikkje sansen for store tekniske inngrep i eit høgfjellsområde. Det er i randsona av nasjonalparken. Då må ein vere forsiktig, meiner Bruheim.

Stille friluftsliv

Den Norske Turistforening har merka stiar i området mellom Jølster og Fjærland.

Ron Overdevest, leiar i naturvernutvalet i Sogn og Fjordane Turlag seier det må mykje informasjon på bordet før dei kan ta stilling til om dei likar prosjektet. Men i utgangspunktet er dei ikkje veldig positive til store inngrep.

– Enkelt friluftsliv er fana i den norske turistforeninga. Vi vil at mange skal oppleve urørt og stille natur.

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

– IKKJE URØRT OMRÅDE: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

70.000 i året

Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster meiner at grunnlaget for å bygge ut på Tverrfjellet allereie er lagt. Då det vart bygd kraftverk der vart grensene for nasjonalparken flytta, og naturen er ikkje lenger urørt.

– No snakkar vi om eit anlegg som skal vere skjult i fjellet, parkering og alt. Vi vil ikkje øydelegge naturen vi vil syne fram, seier ordføraren.

Steinar Bruheim på andre sida av breen trur Oddmund Klakegg i Jølster bommar på kva turistane ynskjer seg.

– Vi opplever at turistane vil vere aktive på fjellet og på breen. Jølster kan heller bygge eit godt turtilbod, med varierte føringstenester på bre og fjell, seier Bruheim.

Det har kommunen allereie investert i, meiner ordføraren.

– Det er ikkje lenge sidan vi brukte pengar på akkurat det. I Nordfjord og Sogn har dei vegar heilt inn til brearmane. Det har vi ikkje i Sunnfjord. Det er viktig for oss å få infrastrukturen til å nytte ressursen Jostedalsbreen faktisk er, seier Klakegg.

Fleire turistar

Torkjell Solbraa ved Vestlandsforsking fortel at fleire og fleire turistar kjem til Norge for å vere aktive i og oppleve naturen.

– Det er også det som har vore satsinga til mellom andre Fjord Norway og NCE dei siste åra, seier Solbraa.

Samstundes er det auke i turistar som reiser på andre måtar og vil sjå attraksjonar. Dei kan vere målgruppe for utsiktspunktet i Jølster.

Reiselivsforskaren trur framtidas turistar blir meir opptekne av klima og miljø. Det må politikarane ha i bakhovudet når dei planlegg, meiner han.

– Å legge til rette for busstransport eller annan transport som er CO₂-basert, vil skurre meir og meir for turistane som kjem, fordi dei er miljømedvitne. Så dei må tenke på korleis turistane vil oppleve eit slikt tiltak ved breen.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar